Hopp til innhold

Ventar store mengder regn og stor rasfare på Vestlandet

Vervarslinga sende i kveld ut obs-varsel om at det er fare for store mengder nedbør lokalt på Vestlandet. Einskilde stader kan det kome mellom 70 og 110 millimeter nedbør det komande døgnet.

veret 0430

UVERET 04.30: Slik har det kraftige lågtrykket breidd seg ut over Sør-Norge no i morgontimane.

Foto: yr.no / NRK

Tidlegare tysdag kveld gjekk NVE ut med flaumvarsel, med fare for meir enn femårsflaum på Vestlandet sør for Stad. No følgjer Meteorologisk Institutt opp med obs-varsel.

– Lokalt kan det kome store nedbørsmengder, seier statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand ved Vervarslinga for Vestlandet, til NRK.

Vil kome att

Uveret traff kysten av Rogaland og Hordaland før midnatt og er på veg mot Sogn og Fjordane. Stormsenteret vil leggje seg rett ved Stad, og nedbøren vil kome i bølgjer utover natta og morgondagen.

– Sjølv om det kan vere mindre mengder når folka dreg på jobb, vil nedbøren kome att utover dagen, seier Opstad Strand til NRK.

Ho peikar på at det kan vere store lokale skilnader, og at det ikkje er sikkert at det alle stader på Vestlandet vil kome like mykje nedbør.

Høg vasstand

Det vil og følgje sterke vindar med uveret, med liten storm frå sørvest ved Stad. I fjellet vil det og vere stor rasfare som ein følgje av all nedbøren. Det vil kome nedbør som regn heilt opp til om lag 700 meter over havet.

Grunna fullmånen vil det dessutan vere høg vasstand langs vestlandskysten, opplyser vervarslinga. Den kan bli opp til 50-60 cm over høgda oppgjeve i tidevasstabellane.

Heile Vestlandet

Obs-varselet som meteorologen sende ut ved 23.30-tida tysdag kveld lyder samanfatta slik for fylka på Vestlandet sør for Stad:

Onsdag mykje nedbør, lokalt 70-110 mm på 24 timar. Sørvest liten storm på Vestlandet sør for Stad. Onsdag stor snøskredfare i fjellet. Onsdag ventar ein høg vasstand, estimert til 50-60 cm over høgda oppgjeve i tidevasstabellane. Høg vasstand vil det og vere i Møre og Romsdal.