Hopp til innhold

Har mista tusenvis av medlemmer

Dei politiske partia miste i fjor tusenvis av medlemmer. Verst er det for Frp som går inn i sitt jubileumsår med kvart tiande medlem ute av partiet.

Frp-leder Siv Jensen

FÆRRE MEDLEMMER: Frp og leiar Siv Jensen går inn i sitt 40-årsjubileum med over 3000 færre medlemmer.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Tal NRK har henta inn viser at dei politiske partia mista fleire tusen medlemmer frå 2011 til 2012. Framstegspartiet har mista 3157 medlemmer, noko som svarar til 12 prosent av medlemsmassen.

Stortingskandidat og fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, vedgår at han er uroa.

– Dette er ein situasjon vi må ta på alvor, seier han til NRK.no.

– Alle har eit ansvar

Alle dei politiske partia i landet har mista tusenvis av medlemmer det siste året. Størst er nedgangen i Framstegspartiet som altså har mista 12 prosent av medlemmene sine. Frå 2011 til 2012 gjekk dei frå 25.400 medlemmer til 22.243 medlemmer.

I Sogn og Fjordane kjempar Djuvik om ein plass på stortinget for partiet sitt. Han meiner dei har ein tøff jobb framfor seg.

– Vi veit at også andre parti slit med å rekruttere medlemmer til dei politiske prosessane.

– Vi har alle ansvar for å oppmode folk til å vere med på å bidra i dei politiske partia om vi skal ha eit slikt system, seier han til NRK.no.

Gler seg over at trenden har snudd

Frp-leiar Siv Jensen går inn i partiet sitt 40-årsjubileum med over 3000 færre medlemmer. Ho vel å ha fokus på at ting allereie har snudd.

– Det er aldri hyggjeleg å ha nedgang i talet på medlemmer, men gudskjelov, så har denne trenden no snudd, seier ho til NRK.no.

– Vi ser at vi har medlemstilvekst igjen og det gler meg stort. Det betyr at Frp gjer noko riktig.

På spørsmål om ho som partileiar blir uroa over at talet på medlemmer går ned svarar ho slik.

– Jobben min som partileiar er å uroe meg over alt som ikkje er bra og glede meg over det som går bra. Samtidig må eg prøve bidra til at vi tek gode avgjerder som gjer at vi er til å rekne med etter valet i 2013.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik (Frp)

EIN JOBB Å GJERE: Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp meiner alle parti må gjere ein jobb for å få fleire medlemmer.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Også Ap og Sp mister medlemmer

Monica Oppedal

FEM PROSENT: Både på landsplan og i Sogn og Fjordane har Ap mista fem prosent av medlemmene sine.

Foto: NRK

Også ørna blant norske parti, Arbeidarpartiet, mister medlemmer. Dei er blitt 3111 færre, ein nedgang på 5 prosent både sentralt og lokalt i Sogn og Fjordane.

Ap sin fylkessekretær i fjordfylket, Monica Oppedal, seier det er naturleg at ein av og til ser ein nedgang.

– Alle politiske parti er avhengige av medlemmene sine, men det at vi framleis er så store, seier vel litt at ein då av og til vil få ein nedgang, seier ho til NRK.no.

I Senterpartiet har dei mista over 1200 medlemmer, om lag 7 prosent. Venstre mista to personar i Sogn og Fjordane, noko som er ein nedgang på 0,46 prosent. På landsplan hadde Venstre ein auke på 114 personar, noko som utgjer 1,02prosent.

Fleire årsaker

Kvifor så mange medlemmer fell ifrå, er det fleire forklaringar på meiner politikarane.

– Det har nokre naturlege årsaker, som at folk rett og slett flyttar frå landet eller ikkje lenger er blant oss. Noko skuldast også uheldige hendingar vi har opplevd, seier Siv Jensen.

– Mellom valår er det vanleg å ha fleire utmeldingar enn i valår, legg Djuvik til.

– Det har kjempemykje å bety

Men uansett kva som er årsaka, er dette ei utfordring for alle partia, meiner Frp sin stortingskandidat frå Sogn og Fjordane.

– Dette er ein jobb som alle parti må gjere. Om vi ikkje får folk til å melde seg inn i dei politiske partia, så mister vi det demokratiske systemet vi har bygd opp, seier Djuvik til NRK.no.

– Men har det noko å seie kor mange medlemmer eit parti har?

– Ja, det har kjempemykje å bety, seier Djuvik og utdjupar.

– Det er medlemmene som dannar stammen i heile partiorganiseringa til Frp. Vi er avhengige av medlemmene både for at dei demokratiske prosessane skal fungere, men også når vi skal gjennomføre valkampar og utforme politikk. Jo fleire som er med, jo større breidde får vi i politikken vår.

Så mange medlemmer har dei mista:

Arbeidarpartiet:
2011: 55 869
2012: 52 758
Minus: 3111 – 5,5 %

Senterpartiet: (eksl. Senterungdommen)
2011: 17 636
2012: 16 392
Minus 1244–7 %

Framstegspartiet:
2011: 25 400
2012: 22 243
Minus: 3157–12 %

Sogn og Fjordane Frp:
2011: 502
2012: 480
Minus: 22–4 %

Sogn og Fjordane Sp (eksl. Senterungdommen):
2011: 1 151
2012: 1 076
Minus: 75–6,5 %

Sogn og Fjordane Ap (eksl. AUF)
2011: 2040
2012: 1930
Minus: 110–5 %