Hopp til innhold

Påstand om fengsel for ransforsøk

Aktoratet la ned påstand om to års fengsel, der seks månader er på vilkår, for mannen som er tiltalt for ransforsøket mot Spar-butikken i Bygstad. Aktoratet meiner ranshandlinga var nøye planlagt.

Bygstad

FENGSEL: Påtalemakta meiner mannen som forsøkte å rane Spar-butikken i Bygstad må i fengsel etter episoden som fann stad i september i fjor.

Foto: Johan Moen / NRK

Det var i september i fjor at tiltalte slo til mot Spar-butikken i Bygstad, og oppførte seg svært trugande.

Tilsette og kundar opplevde situasjonen som svært dramatisk, mannen hadde med våpen som han ifølgje tiltalen lada med ei patron.

I dei avsluttande rundane i Fjordane tingrett onsdag har påtalemakta ved aktor Anette Stegjegjerdet Norberg lagt ned påstand om to års fengsel, der seks månader er på vilkår.

Til fråtrekk frå dette kjem tida i varetekt, om lag 140 dagar.

«Give me the money»

Det var ein mann i 60-åra som stod bak ransforsøket. Maskert med eit putevar han hadde klypt hol i og med ei hagle i hendene bad han beteninga om pengar. Med seg hadde han også to lappar der det stod «Give me the money» og «Be quick and nothing will happen».

Mannen vart til slutt overmanna av butikksjefen og ein annan person, og tiltalte fekk skader i basketaket. I etterkant har butikksjefen gitt uttrykk for at det var galskap å gå inn i situasjonen slik dei gjorde.

I retten har det vore eit vesentleg tema om mannen lada våpenet eller ikkje inne i butikken. Gjorde han ikkje det kan han ikkje dømmast for grovt ran, men såkalla simpelt ran.

Forsvararen til mannen, Stig Nybø, har i retten vist til at mannen kan ha vore påverka av tablettbruk. I forkant av ranet skal mannen ha brukt sterke medisinar.

Mannen sa seg ikkje skuldig då saka starta siste veke.

Skulle reise til Thailand

I si prosedyre onsdag la både aktor Anette Stegegjerde Norberg og bistandsadvokat Ivar Blikra mellom anna vekt på at den tiltalte mannen hadde planar om å reise til Thailand same kveld som ranet fann stad.

Dei meiner det er heilt feil at mannen er sjuk, og at planen om å reise til Thailand viser at ranet var nøye planlagt. Mannen har sambuar i Thailand og heime hos mannen skal kofferten ha stått ferdig pakka.

Stegegjerde Norberg meinte vidare at alle vilkår for å bli dømt for grov ran er oppfylt. Ho finn det straffeskjerpande at mannen brukte våpen og skapte frykt, medan det er formildande at tiltalte sjølv vart utsett for vald.

Krav om oppreisingserstatning

Bistandsadvokat Ivar Blikra kravde oppreisingserstatning for fem personar. Blikra meiner tiltalte må betale 60.000 kroner til kvar av dei to tilsette, medan dei tre kundane som var i butikken må få 50.000 kroner kvar.

Etter lunsj heldt forsvar Stig Nybø si sluttprosedyre. Han meiner klienten må frifinnast fordi han var psykotisk under ransforsøket.