Hopp til innhold

Krev full frifrinning for ransmann

Forsvarar Stig Nybø krev full frifinning for mannen som er sikta for ransforsøk mot Spar-butikken i Bygstad.

Anette Stegegjerde Norberg (t.v.) og Stig Nybø

USAMDE: Aktor Anette Stegegjerde Norberg og forsvarar Stig Nybø er djupt usamde om mannen var psykotisk eller ikkje under ransforsøket i fjor haust.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

–– Dette var ikkje ei planlagt handling. Han må ha vore ein psykosetilstand, og difor må han frifinnast, seier Nybø.

Det var i september i fjor at tiltalte slo til mot Spar-butikken i Bygstad , og oppførte seg svært trugande. Tilsette og kundar opplevde situasjonen som svært dramatisk, mannen hadde med våpen som han ifølgje tiltalen lada med ei patron.

– Nøye og rasjonelt

I dei avsluttande rundane i Fjordane tingrett onsdag har påtalemakta ved aktor Anette Stegjegjerdet Norberg lagt ned påstand om to års fengsel , der seks månader er på vilkår.

Til fråtrekk frå dette kjem tida i varetekt, om lag 140 dagar. Aktor meiner det er tre alvorlege punkt som gjer at mannen må i fengsel.

– Planlegginga bak meiner vi har vore nøye og rasjonell, så tek han med seg eit skytevåpen som han siktar på butikkpersonalet med, og han ladar våpenet medan dei ser på, seier Stegegjerdet Norberg.

– Heilt uforståeleg

Mannen hadde kjøpt seg billettar til Thailand, med avreise berre nokre dagar etter ransforsøket. Medan han la kabal, fekk han innfall om at dersom den gjekk opp, så skulle han rane butikken, fortel Nybø.

67-åringen fann eit putetrekk som han trekte over hovudet og hadde også presenning over bilen på veg til butikken.

– Han har eit godt omdømme elles, eit omdøme mange kan misunne han. Difor er det heilt uforståeleg å gjere noko slikt 67-år gamal. Køyre ned slik med presenning over bil og gå inn i butikken der han veit at kassen er ranssikra. Då er det berre småpengar det er snakk om. Dette med planlegging er utopi, seier Nybø.

– Var ikkje psykotisk

– Ut frå at tiltalte hadde ein tanke om at han skulle klare å gjennomføre dette, så er det ikkje noko irrasjonelt i å kamuflere både køyretyet og sin eigen kropp og korleis han ser ut. Skal du gjere deg ugjenkjenneleg på din eigen lokale butikk så må du nødvendigvis maskere deg. Det gjorde tiltalte, svarar Stegegjerdet Norberg og viser til at mannen snakka engelsk i butikken og hadde lappar på engelsk .

Sjølv om dei sakkunnige meiner mannen ikkje er psykotisk, står forsvararen fast på sitt.

– Han har ein påbyrjande frontallapdemens som går på at han ikkje klarer å ha etiske normer. Han held seg tilbake og gjer ting som er gale. I tillegg tek han desse tablettane som gjer at han får ei dobbelverknad, seier Nybø.

Skulle til Oslo same kveld

I samtalar med sakkunnige har det kome fram at mannen hadde planer om å reise til Oslo same kveld, før avreise til Thailand.

Ivar Blikra

BISTANDSADVOKAT: Ivar Blikra.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Også valden ransmannen vart utsett for har vore tema i rettssaka.

– Eg stiller spørsmålet når vart det ein menneskerett for ein ranar å gå ut frå eit ran utan ei skråme. Innehavar i butikken har vore tydeleg på at dette ikkje var rett framferd frå han, han har brote butikken sin ransinstruks, seier bistandsadvokat Ivar Blikra.

Kravde erstatning

Bistandsadvokaten meiner likevel at innehavaren av butikken ikkje gjekk for langt i det som var ein skremmande situasjon. Med patronbeltet rundt livet gjekk ransmannen fleire gonger på innehavaren for å få att våpenet.

– Det skremmebiletet for dei som var der, var meir enn tilstrekkeleg for å kunne forsvare den valdsbruken som dei utøvde, seier Blikra som kravde oppreisingserstatning for fem personar.

Han meiner tiltalte må betale 60.000 kroner til kvar av dei to tilsette, medan dei tre kundane som var i butikken må få 50.000 kroner kvar.