Hopp til innhold

Skogstad Sport har «Twist-budsjett» på 100.000 kroner i året

– Vi er faktisk den største private brukaren av Twist i Norge, seier ein skråsikker marknadssjef i Skogstad Sport, Knut Roger Nesdal.

Dagleg leiar Henning Skogstad og marknadssjef Knut Roger Nesdal.

NYE KOLLEKSJONAR: Skogstad Sport kan sjå tilbake på eit rekordår i 2012, og håpar ny kolleksjon som «Bre» gir dei nok eit rekordår i 2013.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Han kan nok ha rett, for det skal mykje til for å slå Twist-budsjettet til klesprodusenten i Innvik.

– Når vi sender ut varer, så legg vi Twist i. Alle som tek imot varene våre veit dette, så då blir våre pakkar opna først og kleda hengt opp i butikken. I år vil vi faktisk bruke 100.000 kroner på Twist, gliser Knut Roger Nesdal, marknadssjef i Skogstad Sport.

Nye kolleksjonar

Henning Skogstad

HEIM: Henning Skogstad kjem heim til ei verksemd som sender ut Twist i hopetal.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Og dette er ikkje ein idé som påtroppande dagleg leiar Henning Skogstad har teke med seg heim etter ti år i Kina.

– Dette har vi drive på med i mange, mange år, seier Nesdal om godsakene som også vil følgje dei nye kleskolleksjonane ut i butikkane i vår og haust. Skogstad står i år svangre med to heilt nye kleskolleksjonar.

Søtsaker har nok heller ikkje desse målgruppene hatt noko imot å finne i ein fleire lommar.

X-games vinnar

For med rettane til Knærten-kolleksjon for born og ungdomssatsinga «Bre», håpar Nesdal å vekse seg endå større. Etter nokre tunge år omsette verksemda for 113 millionar kroner i fjor. I år ventar Skogstad å gå på sitt andre strake rekordår.

Draghjelp får dei også i 17-åringen dei fekk i «stallen» sin for ei tid tilbake. Natt til måndag fekk marknadssjefen draumen bokstaveleg tala oppfylt då Tiril Sjåstad Christiansen gjekk heilt til topps i slopestylefinale i X-Games.

– Kva det betyr i kroner og øre er vanskeleg å seie, men å ha fine klede på ein slik person gjer at vi når målet vi har sett oss raskare, seier Nesdal.

Meter på meter

Skogstad brukar 100.000 i året på Twist.

TWIST: Skogstad Sport brukar 100.000 kroner i året på Twist som dei sender ut butikkane saman med kleda.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Vi kan annonsere så mykje vi vil med «Bre» i alle mogelege aviser og tidsskrifter, men det er ikkje det ungdomane les. Dei går på nettet, ser på klipp, på hendingar og kven som går med ting. Når vi då har ho på toppen av X-Games, så gjer det noko med dei som ser det, seier Nesdal.

På lageret i Innvik har klesprodusenten meter på meter med klede som i haust skal ut i butikkane. Dette er klede som ungdomane i teamet har vore med å designe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skogstad Sport

BUTIKK: Skogstad Sport har sitt hovudsete i Innvik.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Fekk Knærten-rettar

Skogstad sit også på rettane til å produsere klede i namnet til Anne-Cath Vestly sin populære Knærten-figur.

Kolleksjonen er sjølvsagt mynta mot born.

– Vi fekk lisens på produktet med Jo Vestly, sonen til Anne Cath, til å lage klede for dei aller minste. Kolleksjonen kjem i butikkane til våren. Vi har laga skisser og fått dei godkjende av Vestly og har sendt desse til produksjon i Kina, fortel Nesdal.

Heimvend son

Og i nettopp Kina har verksemda seks tilsette, mot 29 tilsette i Innvik. I Kina har verksemda planer om å auke. Henning Skogstad har bak seg ti år i den asiatiske storbyen, men er no komen heim for å ta over som dagleg leiar.

– Det blir store sko å fylle, og spennande. Eg har mykje å lære meg, men det skal vi fikse, seier han med eit glimt i augo. Med seg i kofferten har han lærdom som han meiner kan vere nyttig i gamlelandet.

– Lojalitet er veldig viktig i Kina, at ein har godt samarbeid og lange relasjonar. Det vil eg tru er viktig her også, avsluttar han.