Hopp til innhold

Seier ja til både 7ar, 9ar og 11ar-fotball

Det ekstraordinære fotballtinget samla seg rundt framlegget der ein går for både 7ar, 9ar og 11ar-fotball for 13- og 14-åringane neste sesong.

Fotball.

EIN EKSTRA: Neste sesong vert det endå større valfridom for klubbane.

Foto: Olav Olsen, Aftenposten / Scanpix

Dermed vart det ei «ja takk, begge deler»-løysing, iallfall neste sesong.

– Tingsamlinga slutta til slutt opp om krinsen sitt konsensusforslag som gjekk på at vi i 2013 skal gje tilbod både i 7ar-, 9ar- og 11ar-fotball, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Svein Olav Myklebust.

I byrjinga av desember i fjor vedtok leiarmøtet i Sogn og Fjordane fotballkrets å innføre niarfotball for 13- og 14-åringar frå kommande sesong.

Det ville innebere at jenter og gutar i denne aldersgruppa skulle spele på lag med ni spelarar, på ei mindre bane enn når dei spelar med 11 på kvart lag.

Vedtaket førte til sterke reaksjonar, spesielt frå dei store klubbane. Sogndal Fotball sende brev til alle klubbane i fylket, og fekk 24 klubbar med på å krevje ekstraordinært ting.

Klubbane får større valfridom

– Det blir ikkje særleg endring i forhold til tidlegare, bortsett frå at ein får ei klasse til. Det gjer at klassane blir litt mindre og kanskje mindre robuste, men samtidig får klubbane større valfridom i forhold til kva speleform dei ønskjer å ha, seier Myklebust.

Svein Olav Myklebust

STØRRE VALFRIDOM: Dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Svein Olav Myklebust seier at vedtaket vil gi klubbane større valfridom.

Foto: Arve Uglum / NRK

Fotballforbundet har ei høyring ute, med svarfrist 10. januar, som vil medføre dei største endringane i barne- og ungdomsfotball nokon sinne.

Den førebelse konklusjonen der er at dei fleste fagorgan og kretsar sluttar opp om hovudkonklusjonane til forbundet si høyring, som skal leggjast fram på tinget i 2014.

– Den går ganske langt i å ymte om at for 13- og 14-åringar er faktisk 9ar-fotball og 7ar-fotball einaste valform. Parallelt med det vi diskuterer her går det føre seg ei stor nasjonal debatt på korleis aldersbestemt fotball skal organiserast, seier Myklebust.

Det kjem opp til diskusjon på forbundstinget i 2014.

– Utfallet der veit vi jo per dags dato ikkje. Kretsleiaren oppmoda folk om å stille der og vere med og avgjere prosessen vidare, seier Myklebust.

Vert jobba parallelt lokalt

Han legg til at det på leiarmøtet i desember vart valt ein seriekomité som består av krets- og klubbfolk som også jobbar med å leggje fram spelformer til kretstinget i Sogn og Fjordane til hausten.

– Det blir jobba parallelt med dette. Vedtaket som vart gjort i dag vil i første rekkje vere ei konsensusordning for 2013. Så vil det bli lagt fram eit nytt og langt breiare og meir gjennomarbeidd forslag i desember 2013 på fotballkretsen sitt ting, seier Myklebust.

– Men det betyr at dersom ein på landsbasis vel å gå for 9ar-fotball, så må også Sogn og Fjordane følgje med i 2014?

– Det er rett, seier Myklebust.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Banestørrelse skaper strid

Må spille på 7erbane

Få har diskutert det så grundig som her

Han legg til at konklusjonen frå dei andre kretsane er at det er stor positivitet til å støtte opp om høyringa til Norsk Fotballforbund.

– Men som sagt, det er få som har diskutert dette så grundig som vi har gjort no. Ein kan opne for at mykje kan skje fram mot tinget i 2014, så det er ein spennande debatt dette, seier Myklebust.

– Vil dette gjere det vanskelegare å avvikle seriane?

– Ja, det gir oss nokre utfordringar sidan vi må gå ein ny runde med klubbar som ikkje har bestemt seg for om dei skal stille 9ar- eller 11ar. Vi treng nokre dagar til å få avklart kva dei vil, slik at vi får oversikt over kor mange som spelar i kva speleform, seier Myklebust.

Han legg til at styre og administrasjon har fått løyve til å gjere naudsynte tilpassingar.

– Vi skal få eit best mogleg kamptilbod i 2013, seier Myklebust.

Vil få få konsekvensar

Han legg til at dette ikkje vil få kostnadsmessige betydningar.

– Men ein kan få nokon avdelingar som vert litt større når ein skal ha tre i staden for to speleformer, seier Myklebust.

Organiseringa kan også bety litt lengre reisetid for nokre lag.

– I nokre tilfelle, men ikkje slik at vi kan kalle det dramatisk. Vi har eigentleg ganske korte reiseavstandar i fotballen, samanlikna med mange andre, seier Myklebust.

Myklebust fortel at det var ein god og sakleg debatt før ein landa på eit samla framlegg.

– Jotun valde å trekkje sitt framlegg og slutte seg til konsensusframlegget frå kretsen og Sogndal. Då vart dette landa på ein veldig grei måte, seier Myklebust.