Hopp til innhold

To år fengsel for ransmann

Mannen i 60-åra som stod tiltalt for ranet av Spar-butikken i Bygstad i haust er dømd til fengsel i to år. Seks månader av straffa er med ei prøvetid på to år.

Bygstad

FENGSEL: Mannen som stod tiltalt for ranet av Spar-butikken i Bygstad er dømd til to år fengsel i Fjordane tingrett.

Foto: Johan Moen

Til frådrag kjem også dei 152 dagane han har sete i varetekt etter ranet som skjedde i september i fjor.

Dommen er i tråd med påstanden som var lagt ned av aktor Anette Stegegjerdet Norberg.

«Give me the money»

Maskert med eit putevar han hadde klypt hol i og med ei hagle i hendene bad mannen i 60-åra beteninga om pengar. Med seg hadde han også to lappar der det stod «Give me the money» og «Be quick and nothing will happen».

Mannen vart til slutt overmanna av butikksjefen og ein annan person, og tiltalte fekk skader i basketaket. I etterkant har butikksjefen gitt uttrykk for at det var galskap å gå inn i situasjonen slik dei gjorde.

I rettssaka var det eit vesentleg tema om mannen lada våpenet eller ikkje inne i butikken.

Forsvararen til mannen, Stig Nybø, viste i retten til at mannen kan ha vore påverka av tablettbruk. I forkant av ranet skal mannen ha brukt sterke medisinar.

Mannen sa seg ikkje skuldig då saka gjekk i Fjordane tingrett.

Meiner tiltalte lada hagla inne i butikken

I si vurdering skriv retten at dei episoden som eit fullbyrda ran. Dei meiner det er bevist at tiltalte truga vedkommande som sat i kassa med eit våpen og tvinga henne til å leggje pengar i posen han hadde med seg.

I forhold til kor vidt tiltalte lada våpenet inne i butikken eller ikkje, meiner retten at det er bevist at han faktisk gjorde det. Sjølv har tiltalte hevda at han berre lata som. Retten set sin lit til fleire vitne si forklaring, mellom anna at eit av vitna skal ha fjerna ei haglepatron frå løpet og gitt den vidare til politiet då dei kom til staden.

Etter ei samla vurdering meiner retten at ranet er å rekne som eit grovt ran.

Ikkje psykotisk

Då saka gjekk for retten fortalde forsvararen til mannen, Stig Nybø, at tiltalte framleis ikkje kunne forstå korleis ranet kunne skje.

Advokaten har mellom anna vist til at mannen kan ha vore påverka av tabelttbruk i forkant av ranet. Tiltalte skal også ha hatt begynnande frontallapsdemens.

Retten har med bakgrunn av den informasjonen som har kome fram i rettssaka, spesielt vurderingane til dei to rettsoppnemnde sakkunnige, kome fram til at tiltalte ikkje var psykotisk då han slo til mot butikken.

Dei presiserer at dei også finn det bevist ut over rimeleg tvil at han ikkje var utan medvit då ranet skjedde.

Forstår valdsbruk mot tiltalte

I basketaket som oppstod etter at butikksjefen og ein av kundane overmanna ranaren, skal tiltalte ha blitt tildelt fleire slag med våpenet. I dommen heiter det at denne valdsutøvinga må sjåast i samanheng med situasjonen. Dei viser til at tiltalte då nettopp var overmanna og at dei hadde teke frå han våpenet.

Tiltalte skal fleire gonger ha gått mot butikksjefen og kunden for å få tilbake våpenet sitt, og retten skriv at dei forstår at desse to oppfatta tiltalte som pågåande og trugande. Slik retten ser det ber ikkje valden mot tiltalte preg av å vere hemn, men nødvendige handlingar for å unngå at tiltalte tok våpenet tilbake.

Ivar Blikra som er bistandsadvokat for både butikksjefen og kunden seier dei opplever det som blir sagt om denne delen av hendinga som ei moralsk oppreising. Spesielt for butikksjefen har dette vore viktig.

– Han vart tidleg mistenkt for å ha utøvd ein vald som ikkje var nødvendig. Men retten er altså krystallklar på dette. At dette vart gjort for å forsvare seg, og at det framsto som nødvendig ut frå trusselbiletet, seier Blikra til NRK.no.

Må betale erstatning

Fjordane tingrett har dømt mannen til to år fengsel, der seks månader av straffa er på vilkår med ei prøvetid på to år. Til frådrag kjem 152 dagar som mannen har sete i varetekt.

Mannen får også inndrege ei kombi hagle/rifle, 20 haglepatroner og eit patronbelte.

Bistandsadvokat Ivar Blikra kravde på vegner av fem personar erstatning på 50.000 kroner til tre dei kundane som var i butikken, og 60.000 kroner til butikksjefen og vedkommande som var på jobb denne kvelden.

Retten har kome fram til at den butikktilsette som sat i kassen då tiltalte truga til seg pengar skal få ei erstatning på 25.000 kroner, medan butikkeigaren er tilkjent ei erstatning på 15.000 kroner.

Tiltalte slepp betale erstatning til dei tre kundane. Han vert også frifunnen for kravet for kontaktforbod, der bistandsadvokaten meinte tiltalte skulle få forbod mot å opphalde seg i nærleiken av butikken og serveringsstaden Tønna i tre år.

Fjordane tingrett har også bestemt at mannen må betale 5000 kroner i sakskostnader.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå mannen sin forsvarar, Stig Nybø.