Hopp til innhold

Lise-May er 15 år og fylkesleiar i Unge Høgre

Lise-May Sæle frå Balestrand er berre 15 år, men har nettopp blitt valt til ny leiar i Unge Høgre Sogn og Fjordane.

Fylkesstyret i Unge Høgre

FYLKESSTYRET: Lise-May Sæle (nummer to frå venstre) er valt til ny fylkesleiar for Unge Høgre Sogn og Fjordane. Fylkesstyret frå venstre: Glenn André Vilnes, fylkesleiar Lise-May Sæle, fylkesnestleiar Amanda Marie Solvåg og Lena Førde. Vilde Øvstetun kunne ikkje vera tilstades på bildet.

Foto: Ingar Torsvik Myrvollen / Høgre

– Det følast heilt uverkeleg, seier 15-åringen.

Ho vart i på årsmøtet i helga valt til ny leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Ho kjem frå vervet som leiar i Midtre Sogn Unge Høgre, men trur overgongen frå det til å leia alle ungdomspolitikarane Høgre i Sogn og Fjordane kjem til å gå heilt fint.

– Det berre å jobba på og setje seg realistiske mål, so kjem dette til å gå fint, og eg gir meg ikkje før eg har nådd dei måla, seier ho.

Nestleiar i det nye fylkesstyret er Amanda M. Solvåg frå Selje, og dei andre i styret er Vilde Tøfte Øvstetun frå Sogndal, Glenn André Vilnes frå Førde og Lena Førde frå Flora.

Skule er førsteprioritet

For Sæle, som er 10.-klassing og til hausten skal byrja på vidaregåande skule, er det skule som er prioritet nummer éin det neste året.

Lise-May Sæle

VIL JOBBA FOR SKULE: Lise-May Sæle

Foto: Ingar Torsvik Myrvollen / Høgre

– Me vil ha ein betre skulepolitikk. Det vil seia betre lærarar, tilpassa undervisning og anonym retting av prøvar.

Men i debatten om den vidaregåande skulestrukturen i fylket har ho og resten av Unge Høgre ikkje teke noko standpunkt.

– Me ser at elevtalet går ned med 200–300 elevar fram til 2016, då er ein nøydd til å kutte linjer for å halde oppe den einskilde skulen. Men me har ikkje teke noko standpunkt til kva modell me skal støtta. Me held oss meir til det at me ser at noko må leggjast ned, men kva for skule det er, det må me koma tilbake til.

– Ikkje bekymra for bråk i partiet

Ho tek over eit parti det har vore mykje bråk i lokallaget i Flora, vel og merka Høgre, ikkje Unge Høgre. Det heile byrja med ein krangel mellom Jacob Nødseth og Embla Belsvik, og etter det har det vore mykje att og fram rundt Nødseth.

Men den nyvalde fylkesleiaren er ikkje redd for at det skal gjere hennar fyrste år som leiar, vanskeleg.

– Bråket er lokalt i Florø, og det var ikkje oppe på årsmøtet. Eg trur ikkje det kjem til å gå utover fylkespartiet.

– Kan nok bli hektisk

– Det kan nok bli periodar der det blir hektisk, men eg skal stå på og det jamnar seg på som oftast.

No har ho allereie nådd målet sitt, so kva det neste ho skal sikta mot er, det veit ho ikkje.

– Min første ambisjon var å bli leiar i Unge Høgre i Sogn og Fjordane, so får me sjå kva det blir etter det.

– Men som 15-åring og allereie fylkesleiar, kor langt kan du nå som ung politikar?

– Det torer eg ikkje å tenkje på, det får tida vise.

– Vil du på Stortinget?

– Det veit eg ikkje om eg vil, det er so mykje eg kan bli.

Ho går inn som leiar i eit år ho er sikker på blir eit bra år for partiet.

– Det blir borgarleg regjering etter valet til hausten, seier ho sjølvsikkert.