Hopp til innhold

Allergiplaga frisørar blir grøne

Mange frisørar utviklar allergiar som følgje av hyppig kontakt med kjemikaliar. Siri Sande frå Florø måtte velje mellom å slutte som frisør – eller tenkje nytt.

Siri Sande Grønd Frisør

BETRE KVARDAG: Siri sande frå Florø opna ein grøn salong og er blitt fri for allergiar

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

– Eg hadde eksem på hendene og konstant hovudpine, seier Siri Sande til NRK.no.

Etter fleire år som frisør var Siri Sande frå Florø så plaga av produkt med høgt innhald av kjemikaliar, at ho måtte tenkje nytt. Som einaste grøne salong i Sogn og Fjordane har ho opna frisørsalongen Grønn Frisør i Florø.

Kvar tredje frisør har hatt problem

– Eg hadde høyrt om grøne salongar, men eg hadde ikkje turt å lese om det så lenge eg jobba i ein kjemisk salong. Eg ville sette meg skikkeleg inn i kva det var, kort sagt er det allergivenlege produkt med mindre kjemikaliar, seier Sande.

Ifølgje ei undersøking frå Arbeidstilsynet har kvar tredje frisør i Norden fått allergi og andre helseplager som følgje hyppig kontakt med helsefarlege kjemikaliar. Dette ynskte Frisørenes fagforeining å gjere noko med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siri Sande, Grøn Frisør

ALLERGIFRITT TILBOD: For kundar med allergi er grøn frisør eit godt tilbod.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

Strammare regelverk

Ingunn Reistad Jacobsen

BLIR FLEIRE: Ingunn Reistad Jacobsen meiner fleire frisørar kjem til å tenke grønt.

Foto: Privat

Frå 11. juli i år vil ei ny EU-lov stramme inn på kva for kjemiske stoff som kan nyttast til hårfarging.

– Dei to stoffa som er aller mest i bruk i hårfarging er ekstremt allergiframkallande, men er framleis lov å bruke, seier rådgjevar Julie Tesdal Håland i Mattilsynet.

Med inspirasjon frå Danmark, vart det helsevennlege alternativet "grøn frisør" utvikla.

– Ein grøn frisør skal kunne tilby produkt som er fri for dei mest helsefarlege stoffa som er å finne i produkta som vert tilbode i frisørbransjen, seier leiar i Frisørenes fagforeining, Ingrunn Reistad Jacobsen

Per i dag finst det berre 12 grøne frisørsalongar i Noreg, men Jacobsen seier det vil bli fleire.

– Det er mange fleire som kontaktar oss og ønskjer informasjon.

Mindre utval

Ei ulempe med dei grøne frisørane er at dei har mindre utval i produkt enn vanlege frisørar, noko som gjer at mange er skeptiske til dei.

– Det gjer ingenting at utvalet er litt mindre. Hadde det ikkje vore for grøne salongar hadde eg ikkje kunne arbeidd som frisør, det er jo draumen min, seier Sande.

–Dessutan er det ei godt alternativ for kundar som er plaga med allergi eller som vil tenkje miljøvenleg, smiler ho.