Hopp til innhold

Meiner situasjonen var verre enn under Dagmar

110- og 112-sentralane i Sogn og Fjordane var utan analoge telefonlinjer i over to timar. Leiaren ved 110-sentralen karakteriserer bortfallet som langt meir alvorleg enn under stormen Dagmar.

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

LIKTE DÅRLEG: Dagleg leiar ved alarmsentralen Terje Brandsøy hadde ikkje noko god kjensle då dei analoge telefonlinjene gjekk ned i nær to timar.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

– Ja, det vil eg seie. No var alt ute samtidig. Under Dagmar opplevde vi det som sporadisk at noko var inne og noko ute. I dag var alt ute samtidig, seier Terje Brandsøy.

I 16-tida tysdag gjekk dei analoge telefonlinjene til både politiets naudnummer 112 og brann sitt naudnummer 110 ned med dunder og brak.

Visste ikkje kor lenge

Medan Telenor jakta feilmeldingar for å finne ut kor brotet var, var det heilt umogleg for folk å komme gjennom til naudsentralane i Florø.

– Eg likte situasjonen svært dårleg. Dette er ikkje noko ønskjeleg for ein leiar på ein alarmsentral. Vi sat her og var veldig spente på kor lenge dette brotet ville vare, seier Brandsøy.

Men sidan det var det analoge systemet som gjekk ned for teljing, førte også med seg at over 2000 brukarar av tryggheitsalarmar i Sogn og Fjordane var utan kontakt med sentralen.

– Det er ikkje bra at dei er ute over så lang tid. Beredskapen der vert svekka, og det blir opp til dei pårørande og heimesjukepleien å følgje opp brukarane, seier Brandsøy.

– Kor kritisk vil du seie situasjonen var når det gjeld brukarar av tryggheitsalarm?

– Tryggheitsalarmane er avhengige av at telefonlinjene verkar, og når dei ikkje gjer det, så er det heller ingen alarmar som verkar. Då er det kritisk dersom det skjer noko. Sjølv om dei trykkjer på knappen, får dei ikkje hjelp, seier Brandsøy.

Veit ikkje om nokon har trengt hjelp

– Kjenner de til om det har vore nokon som har trengt hjelp i den perioden nettet var ute?

– Det veit vi ikkje. No er tryggheitsalarmane programmert til å halde på ein del, men når dei er ute i bortimot to timar, så er det klart at det er ein svakheit i systemet. Det er viktig at pårørande og heimesjukepleien følgjer opp i slike tilfelle, seier Brandsøy.

Han presiserer at det aldri var fare når det gjalt brann, nettopp fordi ein har teke grep og inngått avtale med alarmsentralen for 110 i Ålesund.

– Vi har ein tryggleik i at vi kan rute desse samtalen vidare til Ålesund. Vi har ei gjensidig avtale om at dersom ein av sentralane er ute, så overtek den andre, seier dagleg leiar ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Burde kunne unngått slikt

Han legg til ein også gjorde seg dyrekjøpte erfaringar under nyttårsorkanen Dagmar som har gjort sentralen betre rusta til uføresette hendingar som dette.

– Vi har oppretta fleire mobillinjer inn til sentralen, så vi har heile tida hatt kontakt med Ålesund den vegen. Det var ingen fare på 110-sida, seier Brandsøy.

– Kva tykkjer du om at noko slikt kan skje?

– Vi likar det svært dårleg. I denne teknologiske tidsalderen burde det vere ruting av fleire vegar slik at sentralar som oss unngjekk slike problem, seier Brandsøy.

Heldigvis er det sjeldan slike ting skjer, og på sine 15 år på sentralen er det første gong Brandsøy har opplevd eit slikt utfall av linje.

– Eg har aldri opplevd at så mykje har vore ute samtidig. Det er langt mellom kvar gong, men det er situasjonar vi helst ville unngått, seier Brandsøy.

Skal over på digitalt nettverk

Han peikar likevel på at mobilnettet til alt hell berre var ute ein kort periode, dermed var det råd å ha kontakt den vegen.

– Fasttelefonen var derimot ute over lengre tid, og det skulle vi helst unngått, seier Brandsøy.

Det ligg føre konkrete planar om å få tryggheitsalarmane inn på eit ikkje-analogt nettverk, slik at ein unngår denne type hendingar i framtida.

– Alarmsentralen har investert i heilt nytt mottakssystem, så vi skal ha tryggheitsalarmane over på det digitale bakkenettet. Det vil seie at alarmane skal kunne gå via internett som hovudføringsveg, med ei reserveløysing via mobilnettet. Det blir ei god og trygg løysing, seier Brandsøy.

Det analoge bakkenettet er venta fjerna innan 2017.

– Fram til då vil dette bli jobba med å få på plass, seier Brandsøy.