Hopp til innhold

Fryktar dei skal miste lokale politi- ressursar til Bergen ved samanslåing

Politiets Fellesforbund i fylket fryktar at ei samanslåing av politidistriktet med Hordaland vil kunne føre til at lokale politiressursar blir trekte inn til Bergen.

Kjetil Drange

KAN IKKJE TØMME DISTRIKTA: Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund seier det er viktig for dei at distrikta ikkje blir tømde for politiressursar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Attvald leiar i Politiets Fellesforbund i fylket, Kjetil Drange, seier mogleg samanslåing med nabodistriktet var eit viktig tema under årsmøtet tysdag kveld.

På årsmøtet til fylkeslaget var det likevel delte meiningar om det er rett eller gale med ei samanslåing.

– Det er nok synspunkt som går både for og imot samanslåing, seier Drange til NRK.no.

– Ressursar trekte innover mot store senter

Den siste tida har det vore mykje merksemd kring mogleg samanslåing av politidistrikt på Vestlandet. Politidirektoratet ser på omorganisering, og har stadfesta at Sogn og Fjordane politidistrikt er utsett.

Det mest aktuelle er at politidistriktet blir slått saman med Hordaland. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vil flytte 110-sentralen frå Florø til Bergen, og seier dette er prosessar som også kan vere aktuelle i politiet.

Då Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane hadde årsmøte tysdag var dette eit naturleg tema. Kjetil Drange som vart attvald som leiar fryktar lokale politiressursar kan forsvinne frå fylket om det blir noko av ei samanslåing.

– Det vi har sett historisk sett er at der det er ei samanslåing eller sentralisering, så blir ressursar trekte innover mot store senter.

– Eg trur nok det er ei reell frykt for at Bergen vil dra ressursar frå Sogn og Fjordane, seier Drange til NRK.no.

– Kan ikkje tømme ressursar frå utkantane

Han meiner det er svært viktig at ein held fast ved at folk skal ha like stort krav på beskyttelse frå politiet, uavhengig av kvar dei bur.

– Vi kan ikkje tømme ressursar frå utkantane.

– Signala frå Justisdepartementet er at lensmannsstrukturen skal bestå, og at politiet skal vere lokalt forankra. Så vi føler at vedtaket vårt er i tråd med det justisministeren har sagt, seier Drange.

– Må vere på bana

Han seier forbundet no vil gjere det dei kan for å delta i debatten om samanslåinga.

Sjølv om meininga altså er delte om kor vidt dette vil vere bra eller ikkje er alle samde om at dei må vere på bana i saka.

– Vi står framfor store omstillingar og endringar, og då må vi vere på bana på alle nivå og jobbe for at medlemmene skal bli ivaretekne på ein god måte, seier Drange.