Hopp til innhold

DSB vil leggje ned alarmsentralen - no vil dei anke til ministeren

Avgjerda er tatt – alarmsentralen i Sogn og Fjordane vert lagt ned. No ber dagleg leiar lokalpolitikarane om å ta saka vidare til justisdepartementet.

Alarmsentralen, Terje Brandsøy

Dagleg leiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, er klar for å kjempe vidare mot forslaget om å leggje ned sentralen i Florø.

Foto: Montasje: Privat, Øystein Veum, Silje Guddal / NRK

– No er det opp til våre folkevalde å anke saka vidare til justisdepartementet, så får me håpe at me har folk på toppen i det politiske miljøet som har sunn fornuft og ser galskapen i det som DSB her jobbar for å få til, seier Terje Brandsøy som er dagleg leiar ved alarmsentralen i Florø.

DSB har gått igjennom alle høyringssvar og ikkje funne innvendingar som etter DSB si oppfatning er av avgjerande karakter

DSB om alarmsentralen

Tysdag fekk Brandsøy ein e-post frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), der dei gav beskjed om at dei har bestemt seg for å halde ved like vedtaket om å leggje ned alarmsentralen i Florø.

Dermed vil alarmsentralen for Sogn og Fjordane no lagt under sentralen i Bergen.

Brei støtte

Forslaget om nedlegging kom frå DSB i byrjinga av 2013, og mange lokale krefter har dei siste månadene jobba saman for å kome med innspel til framlegget.

At DSB likevel står på sitt, og held fram med å planleggje nedlegging av sentralen, overraskar ikkje Brandsøy.

– Me har brei og god støtte. Alle kommunane i fylket, politiet og NHO har alle sendt inn svar på høyringa. Om lokalpolitikarane har noko dei skal ha sagt, så vil dette gå vegen.

Og Brandsøy kan få den hjelpa han etterlyser. Tidlegare denne veka skreiv NRK.no om stortingspolitikarar frå fylket som varsla at dei ville gå til Justisdepartementet og kjempe for sentralen i Florø, om så var naudsynt.

– Kampklar

Brandsøy har lenge vore budd på at saka vil ende opp som ei ankesak på justisministeren sitt bord.

Han synest ei nedlegging vil vere trist etter lang tids arbeid med å byggje opp ein topp moderne alarmsentral.

– Det er ikkje kjekt for oss å få ei slik melding. Me har jobba iherdig for å få opp ein ny og moderne sentral me kan vere stolte av. Me har følgt alle retningslinjer som DSB har gitt, og ein vert litt trist når dei dei skal fjerne sentralen ved eit lite knips. Me er veldig kampklare, og skal kjempe til «the bitter end», forsikrar sentralsjefen.