Hopp til innhold

Smånervøs ordførar før luftig stunt

– Eg må ærleg innrømme at eg ikkje er allverda høg i hatten, vedgår Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap) like før han balansere 90 meter over Dalsfjorden.

For første gong kunne ordføraren i Fjaler i dag gå tørrskodd over Dalsfjorden for å møta ordførarkollegaen frå Askvoll. Men først mått han overvinne høgdeskrekken.

UT PÅ TUR: Slik gjekk det føre seg då ordførarane og andre la ut på gangbrua over Dalsfjorden.

Ordførarane i Askvoll og Fjaler balanserer i dag catwalken til brua som om få månader vil knyte dei to kommunane saman.

Dei to ordførarane skal møtast midt på brua og gje kvarandre ein klem.

– Det er med ei viss spenning, men det skal gå bra. Eg skal komme meg trygt over til Askvoll, forsikrar ein smånervøs Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap).

(Artikkelen held fram under videoen)

90 meter over fjorden møtes ordførarane Arve Helle (Ap) og Frida Melvær (H) midt på brua og skålar for Dalsfjordsambandet som snart står klar.

SJÅ VIDEO: Dette skjedde midt på catwalken då ordførarane til Fjaler og Askvoll møttes 90 meter over fjorden. (Foto: Lars Petter Degnepoll)

Stor symbolikk

Arve Helle

SMÅNERVØS: Ordførar Arve Helle i Fjaler var ikkje særskilt høg i hatten før han la ut på turen.

Foto: Birger Meland / NRK

Det er ei symbolsk handling som i dag finn stad 90 meter over Dalsfjorden . Dalsfjordsambandet har vore omstridd, men står snart klar.

I haust opnar sambandet.

– Det er jo stor symbolikk i dette, og det er ein fantastisk dag. Føresett at vi kjem oss velberga frå det, så trur eg dette blir ei oppleving for livet, legg Helle til om den luftige måten å markere at ein snart kan gå tørrskodd mellom dei to kommunane på kvar si side av Dalsfjorden.

Klar for nye høgder

Medan Helle går frå Fjaler-sida, legg Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) ut frå hennar kommune.

– Eg har gledd meg i dagevis, men ein veit jo aldri korleis ein reagerer når ein kjem opp på desse store tårna. Eg er alltid klar for nye høgder, gliser ho og har stor forståing for at Helle både gruar og gler seg til å leggje ut på spaserturen.

Avventande Helle

Ordførarar balanserer over Dalsfjorden

HØGT: Dei to ordførarane går frå kvar si side av Dalsfjordbrua.

Foto: Birger Meland / NRK

– Dette er jo eit samband vi har venta på i 40 år, og no nærmar det seg med storsteg. Det skal opnast i løpet av året, legg Melvær til og tykkjer det er på sin plass med ei spenstig symbolsk markering.

– Kva du har tenkt å seie til Helle når du møter han midt på?

– Du overlevde.

– Då vil eg svare at det veit vi ikkje, før vi er komne trygt over på andre sida, svarer Helle.

Spektakulært

Og begge kom seg både trygt opp og over catwalken. Midt på brua møttest dei til ein klem og champagne.

Ordførar Melvær tek gjerne turen fleire gonger.

– Absolutt. Det var ei heilt fantastisk oppleving. Spektakulært, seier ho.

– Kva følte du då du stod der?

– Eg trur vi følte begge på at dette var eit stort historisk augeblink.


Saka blir oppdatert.

Ordførarar møtes midtveges på Dalsfjordbrua.

MØTET: Ordførarane for dei to kommunane møttes midt på Dalsfjordbrua.

Foto: Birger Meland / NRK