Hopp til innhold

500 var innesperra av steinras

Nær 500 menneske var innesperra etter at fylkesveg 303 mellom Årdalstangen og Seimsdalen vart stengd ved Seimsdaltunnelen grunna ras.

Ras i Seimsdalstunnelen

STORE BLOKKER: Desse steinblokkene stengjer fylkesveg 303 mellom Årdal og Seimsdalen.

Foto: NRK-tipsar

- Fylkesveg 303 vart opna klokka 07.45, men det er innsnevring der grunna raset, seier opertør ved Vegmeldingssentralen, Ketil Molvær.

Det kan bli kortare stengingar utover føremiddagen for å få rydda opp skikkeleg etter raset.

- Folk kan køyre forbi, men det kan bli stopp litt utover dagen fordi det er ei steinblokk som dei må pigge der, men det blir ikkje lengre stopp, seier Molvær.

Ikkje så stort ras

Han understrekar at raset i seg sjølv ikkje var stort, men at det viktigaste var å vere sikker på at det ikkje kom meir dundrande ned fjellsida.

- Det er teke ei beslutning om at ein kan opne. Det går nok eit par timar før vegen er heilt rydda, seier Molvær.

Raset kom natt til onsdag.

– Vi fekk melding til på halv fire i natt om at det hadde gått eit jord- og steinras på Seimsdalsida av Seimsdalstunnelen. Raset var om lag to hjullastarskuffer, seier Molvær.

Det førte til at vegen ned til Årdalstangen var stengd, og dermed var vel 500 innbyggjarar innesperra.

Like før klokka 08.00 vart vegen opna og rydda.

Stenginga av fylkesvegen betydde i praksis at ein del innbyggjarar i Seimsdalen og Ofredalen ikkje kom seg på jobb.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Er mykje steinsprang grunna is

Molvær kan ikkje seie noko om det er fare for meir ras i området.

– Men det er mykje is rundt omkring, så det er ein del steinsprang både her og der. Isen jobbar godt, for å seie det slik, seier Molvær.

Sven Arne Johansen bur i Seimsdalen, og tok beskjeden om raset med fatning.

- Nei, det er ikkje så mykje å gjere med. Då får vi halde oss i ro, seier Johansen.

Han skulle vore på veg til jobb, men det må berre vente.

- Her er det berre å vente til det opnar, det er ikkje noko anna å gjere, seier Johansen.

Håpar det ikkje varer lenge

Også for dei små i familien får raset konsekvensar.

- Dei kjem seg ikkje på skulen før det er opna. Og varer det lenger, så har vi jo heller ikkje butikkar her inne. Men vi får tru dette er fort gjort å ordne, seier Johansen.

Han er ikkje spesielt uroa for at det har komme ras på strekninga han nyttar til og frå jobb.

- Dette er slikt som skjer av og til, men det er ikkje så ofte vi er plaga med ras. Vi får berre ta det som det kjem, seier Johansen.