Hopp til innhold

– Eg er mildt sagt forbanna

Årdølane er rasande etter at Hydro har bestemt seg for å satse stort på Karmøy. Mange kjenner seg lurte. – Eg er kraftig provosert.

Halvor Nesse

PROVOSERT: Halvor Nesse arbeider sjølv ved Hydro sitt teknologisenter i Årdal. Han legg ikkje skjul på at kva han meiner om Hydro-leiinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det seier Halvor Nesse som sjølv jobbar for Hydro i industribygda i Sogn.

Nyheita som kom i dag om at Hydro har bestemt seg for å satse tre milliardar på å byggje eit nytt testanlegg for aluminium på Karmøy har ikkje falle i god jord her.

Teknologien i det nye anlegget er nemleg utvikla i Årdal, og i bygda har folk lite fint å seie om leiinga i Hydro etter det som kom fram i dag.

– Eg er mildt sagt forbanna. Eg er kraftig provosert på heile greia, seier Halvor Nesse.

Fryktar for verket i eiga bygd

Torsdag vart det kjem at Hydro har planar om å bruke teknologi frå Årdal til å vidareutvikle aluminiumverket på Karmøy.

Det handlar om eit såkalla testpilotanlegg som kan produsere 70.000 tonn aluminium i året. Anlegget skal få det aller siste i teknologi, utvikla ved teknologisenteret i Årdal.

Ein av dei som er provosert er Halvor Nesse. Då NRK møter han sit han saman med kameratar og kollegaer på kafeen i Øvre Årdal.

– Eg jobbar sjølv på Hydro sitt teknologisenter. Vi har utvikla teknologien og no skal dei flytte det herfrå.

– Eg er stygt redd for at det neste som skjer er at dei reiser med teknologisenteret også. Då har vi att to gamle hallar som er utgått på dato.

– Nei, vi er rett og slett lurte, rasar han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Hydro gjer heilomvending. Frå å ha utlandet og Qatar øvst på investeringslista, vil selskapet igjen satse på aluminiumsproduksjon i Norge. Men sjølv om dette er beskjeden folk i Årdal har venta på, vart skuffelsen enorm då dei fann ut kvar i Norge det skulle investerast.

SJÅ TV-SAKA: Hydro gjer heilomvending. Frå å ha utlandet og Qatar øvst på investeringslista, vil selskapet igjen satse på aluminiumsproduksjon i Norge. Men sjølv om dette er beskjeden folk i Årdal har venta på, vart skuffelsen enorm då dei fann ut kvar i Norge det skulle investerast.

– Brann i rosenes leir

Hilmar Høl

OPPRØR: Hilmar Høl som er Ap-leiar i industrikommunen Årdal forstår godt at mange er frustrerte over det som no skjer.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Både Årdal og Høyanger har lenge kjempa om å få den investeringa som no kjem på Karmøy.

Hilmar Høl er leiar i Årdal Arbeidarparti. Han fryktar for den komande valkampen om ikkje regjeringa tek grep ovanfor Hydro, i kommunen der over 77 prosent stemde Ap ved sist val.

– Det som skjer no kan i verste fall bli til brann i rosenes leir, om det ikkje blir eit inferno i forhold til eit politisk opprør, seier Høl.

Han forstår godt dei veldige reaksjonane.

– Det som er i ferd med å skje er ikkje bra. Det er ting her som er langt frå bra for Årdal og Høyanger og fabrikkplassane her, og måten ting er blitt gjort på er slett ikkje bra, seier Ap-leiaren i Årdal.

Difor vel Hydro Karmøy

På Karmøy er derimot stemninga ein heilt annan i dag. Dei får si etterlengta utbygging, men tillitsvald Ole Ellevsen ved Hydro Karmøy forstår Årdølane sin frustrasjon.

– Men dette er ei større sak. Årdal vil jo fortsette og det vil vere ein fordel for Årdal også, seier han til NRK.no.

Konsernsjef Svein Richard Brandtzæg i Hydro understrekar at ei satsing på Karmøy vil vere positivt for alle deira smelteverk i Norge.

– Skal vi vere ein vinnar i aluminiumsbransjen så er det viktig at vi er verdas beste på teknologi og drift.

– No er det slik at vi ikkje har teke ei endeleg avgjerd, men vi vil starte ei utgreiing som ein teknologipilot i Norge. Når det gjeld Karmøy så ligg det godt til rette, det er god infrastruktur og det er nærleik til den europeiske marknaden, seier Brandtzæg til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Richard Brandtzæg

NÆRLEIK TIL MARKNADEN: Kvifor Hydro vel akkurat Karmøy er mellom anna knytt til nærleik til den europeiske marknaden seier Hydro-sjef Svein Richard Brandtzæg.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Ein styrke for alle verka våre

Kvifor Hydro ikkje har planar om å leggje denne satsinga til Årdal der teknologien allereie finst svarar konsernsjefen slik på.

– Årdal vil jo framleis vere eit viktig senter for oss når det gjeld teknologiutvikling.

– Med dei rammevilkåra som vi har i Norge no, så er det mogleg å utvikle verka våre framover, og vi set no i gang med utgreiing av ein pilot. Med alle brikke som skal falle på plass i samband med det, så ser vi at Karmøy er eit godt alternativ, seier Brandtzæg.

Han viser på ny til den gode infrastrukturen og nærleiken til marknaden som ei lokalisering på Karmøy vil gje.

– Det du seier er at folk i Årdal ikkje bør frykte for nedlegging av arbeidsplassar?

– Ei teknologiutvikling på Karmøy vil vere ein stor styrke for alle verka våre. Teknologien som blir utvikla kan brukast på alle våre smelteverk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Giske

POSITIVT: Næringsminister Trond Giske er svært glad for at Hydro vil satse i Norge.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Trur ikkje årdølane treng frykte for arbeidsplassane sine

Også næringsminister Trond Giske vel å sjå positivt på at Hydro no vil satse tre milliardar på Karmøy.

– Det er jo først og fremst ei veldig god nyheit at Hydro meiner det er verdt å investere i Norge. Det at vi har fått på plass rammevilkår som gjer at ei så stor bedrift vil satse på å halde fram aluminiumsproduksjonen, med investeringar og arbeidsplassar, det betyr mykje, seier Arbeidarparti-politikaren.

– Har folk i Årdal grunn til å vere uroa for arbeidsplassane sine?

– Nei, tvert imot. Det at Hydro ser at det er verdt å investere i Norge er godt nytt også for Årdal. Eg er heilt overtydd om at Hydro vil halde fram sin forskingsaktivitet og produksjon i Årdal, seier Giske til NRK.no.

Kjenner seg forbigått

Leiar Bjørn Øvstetun i Årdal Kjemiske Fagforening seier at det trass alt er positivt at Hydro no vil satse i Norge.

– Det er litt synd at det som eigentleg er positivt for Hydro og Norge får ei negativ vinkling. Saman med Billy Fredagsvik har eg argumentert for at det og må kome avklaringar i Sogn. Det må vere den vidare kampen.

Øvstetun meiner det vil drype litt på Årdal også dersom det blir vedteke å byggje testpilotanlegget på Karmøy. Han reknar med at Årdal Karbon får levere anodar til anlegget. Det utgjer i så fall ein auke i anodeproduksjonen på 35.000 tonn i året på Årdalstangen.

Men også han og dei fagorganiserte i Årdal er overraska og skuffa over at det aktuelle anlegget hamnar på Karmøy.

– Dersom vi snakkar om køkultur, så er det ikkje tvil om at vi er forbigått.

– Eg har null tiltru til dei

Men på kafeen i Årdal har Halvor Nesse mista trua – både på Hydro-leiinga og på Arbeidarpartiet si makt til å styre den norske industripolitikken.

– Eg har null tiltru til dei.

– Rikspolitikarane som kjem her kvart fjerde år med lovnader, fordi vi stemmer på Arbeidarpartiet her i bygda, dei mister eg også meir og meir trua på, seier Nesse.