Hopp til innhold

Kjelsnes om lovnad om ferjefri E39: - Det var nesten som å vinne i Lotto

Leiar av Vestlandsrådet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes (Ap), greidde nesten ikkje halde seg på beina då ho fekk høyre at regjeringa no lovar pengar til ferjefri E39 i Nasjonal Transportplan.

Åshild Kjelsnes

FEIRA: Fredag feira fylkesordførar Åshild Kjelsnes med kake etter det blei kjent at E39 skal bli ferjefri.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Åh, det var nesten som å vinne i Lotto, jublar ho etter at ho har sett torsdagens Dagsrevy.

Der stod nemleg kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) og næringsminister Trond Giske (Ap) og presenterte ein lekkasje frå den komande Nasjonal Transportplan (NTP). Planane om ferjefri E39 mellom Trondheim og Stavanger har fått plass, eit totalprosjekt som er rekna å koste 150 milliardar kroner.

– Regjeringa vil ha ein ferdig opprusta og ferjefri veg innan 20 år. Vi startar i Rogaland, fortalde Navarsete som tydeleg var stolt.

– Dette var ei fantastisk nyheit å få, seier Kjelsnes som er ein av mange som har kjempa hardt og lenge for å få nettopp dette til.

Betre vegar og ingen ferjer

Med lovnadene frå regjeringspartia i dag kan folk om vel 20 år ta seg fram langs Vestlandskysten utan ferjer. Åtte fjordar skal kryssast med anten bruer eller undersjøiske tunnelar og ventetid på ferjekaiene blir noko som høyrer fortida til.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane og leiar av Vestlandsrådet Åshild Kjelsnes (Ap) har kjempa lenge, og er over seg av begeistring for at planane faktisk har fått plass i NTP.

– Ikkje berre sa dei ferjefritt, dei sa også opprusta i løpet av 20 år. Det betyr at ein ser på dette som eit stort prosjekt og at ein kan byggje ut forskjellige parsellar meir eller mindre parallelt.

– Det er ein fantastisk nyheit for Vestlandet, seier ho.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Liv Signe Navarsete (Sp) og Trond Giske (Ap) lekker fra Nasjonal Transportplan. Regjeringen legger 1 milliard på bordet til et prestisjeprosjekt utenfor Stavanger. Bilistene må betale 9 milliarder i bompenger. De ønsker et fergefritt vestland til en prislapp på 150 milliarder kroner.

– Ikkje urealistisk

Sjølv om det for mange kan høyrest urealistisk ut at ein skal vere kvitt ferjene innan 20 år, er Kjelsnes trygg på at dette faktisk let seg gjere.

– Det er absolutt ikkje urealistisk. Det er akkurat det som har vore berekna og slått fast ifølgje utgreiingane som Vegvesenet har gjort. Dette er absolutt mogleg.

– Men at ein skulle få gjennomslag for det, det er fantastisk. For vi veit at vi konkurrer med mange andre prosjekt, seier ho.

Ni av ti millionar i bompengar

Regjeringa sitt løfte gjeld altså totalt åtte fjordkryssingar. I første omgang legg dei ein milliard på bordet for eit prestisjeprosjekt utanfor Stavanger. Bilistane må betale ni milliardar i bompengar. Tunnelen under Boknafjorden skal ha fire felt, ligge 390 meter under havoverflata og vil bli den lengste og djupaste undersjøiske tunnelen i verda.

Det første prosjektet Rogfast legg altså opp til at bilistane skal betale ni av ti milliardar i bompengar. Kor vidt det blir fordelt slik også på dei resterande prosjekta kan ikkje Navarsete svare på no.

– Skal 90 prosent av dei 150 milliardane betalast av bompengar?

– Ein del av dette vil vere bompengar. Kor stor del det blir, veit vi ikkje før alle dei andre prosjekta er ferdig utgreidde, seier Navarsete til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete

STOLT: Liv Signe Navarsete var tydeleg stolt over nyheita ho kunne sleppe om ferjefri E39.

Foto: Lars Nehru Sand/NRK

Kan bli andre parti som bestemmer

Dei sju andre prosjekta får i første omgang berre mindre planleggingsmidlar. Om og korleis dette skal byggjast ut vil først bli klart når nesten transportplan blir lagt fram om fire år. Då kan det vere ei heilt anna regjering og andre parti som sit med makta. Og det blir dei som får ansvaret for å følgje opp dei løfta som blir gitt.

Kjelsnes er likevel optimistisk for at det blir pengar til ferjefri E39 også i åra som kjem, uansett regjering.

– Det står att å sjå, i og med at ein der har parti som ikkje vil nytte bompengar, så kan det fort bli ein intern kamp i ei eventuell borgarleg regjering.

– Men eg iallfall trygg på at med sitjande regjering så er dette løpet lagt, seier Kjelsnes.

– Gul midstripe gjennom fylket

Ein annan ting med lekkasjen frå Nasjonal Transportplan om ferjefri E39 som gler fylkesordføraren er at det også blir lagt opp til ei opprusting av vegane mellom fjordane.

– Vår tryggleik ligg no også like mykje i det at vegane skal rustast opp, vi skal få gul midstripe gjennom fylket vårt, seier ho.

På spørsmål om kva ho meiner må på plass først, gul midtstripe eller flotte ferjefrie fjordkryssingar svarar ho slik.

– La oss seie det slik, om vi har ein halvdårleg og dårleg veg, så er det ikkje fullt så kjekt med dei flotte bruene. Det er stor semje om at vi må ha ei opprusting av vegnettet vårt.

– Men nettopp fordi ein seier at ein skal få til heile pakken på 20 år, så greier vi begge deler, seier Kjelsnes.

Ferjefri E39

FERJEFRI: Skal du reise langs kysten av Vestlandet om 20 år er håpet at du skal sleppe å ta ferje på E39.

Foto: Frå presentasjonen til fylkeskommunane