Hopp til innhold

Skal bruke 800.000,-på brufest

Mange har venta lenge på brua som skal knyte Askvoll og Fjaler saman. Når den står klar i desember er planen å bruke 800.000 kroner på feiringa.

Ordførarar møtes midtveges på Dalsfjordbrua.

FOLKEFEST: Det blir utan tvil feiring når Dalsfjordbrua står klar i desember.

Foto: Birger Meland / NRK

– Hadde du venta noko anna, enn at vi skulle slå på stortromma, når vi endeleg for brua på plass? seier Rolf Losnegård i festkomiteen til avisa Firda.

Komiteen har søkt på til saman 810.000 kroner frå både kommunane, Sparebankstiftinga og andre organisasjonar, pengar som skal gå til ei heidundrande feiring av Dalsfjordbrua.

Etter planen blir det feiring på begge sider av brua når den står klar mot slutten av 2013. Festkomiteen ser for seg både kunstutstilling, folkefest og bygdedans, skriv avisa.

– Det er stor vilje til å feste, på begge sider av fjorden, seier Ingeborg Tysnes som har ansvaret for den offisielle etterpåfesten etter opninga til Firda.

Fjaler kommune har allereie spytta inn pengar til feiringa. Søknaden var på 75.000 kroner, men kommunestyret gav 100.000 kroner.

Dalsfjordbrua får eit hengjespenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge. Heile prosjektet er kostnadsrekna til rundt 1,1 milliardar kroner.