Hopp til innhold

Veitastrond isolert etter snøskred

Eit snø- og isskred sperra onsdag ettermiddag fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond i Luster.

Snøskred i Veitastrond

SNØSKRED: Vegen til Veitastrond i Luster er stengd etter at det onsdag ettermiddag kom ned is og snø frå fjellsida ved Såget.

Foto: Privat

Skredet ved Såget vart varsla like før klokka 15 onsdag. Etter eit kring 40 minuttar langt ryddearbeid, vart vegen opna klokka 17.30.

– Det skal vere ein god meter høgt, og sju-åtte meter breitt, opplyste Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal etter skredet.

Det var truleg delar av eit større isberg i fjellsida som losna og tok med seg snø på ferda ned fjellsida mot fylkesvegen. Ein frykta at det kan kunne komme ned meir.

– Sola står på, og det må bli kaldare før det blir gjort noko. Vi er litt redde for at det kan komme ned meir, så det vil ikkje skje noko meir før i 17.30-tida, opplyste Molvær.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.