Hopp til innhold

Kvinne omkom i trafikkulukke

Ei kvinne er stadfesta omkomen og to menn er frakta til sjukehus etter ei trafikkulukke på riksveg 15 ved i Vågsøy.

Ei kvinne er stadfesta omkomen, og to personar sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Bryggja i Vågsøy.

SJÅ VIDEO: Bilane støytte saman i 80-sona kring ein kilometer vest for Bryggja. (FOTO/REDIGERING: BJARNE ELDEVIK)

To bilar frontkolliderte kring ein kilometer vest av Bryggja. Politiet fekk melding om ulukka klokka 0947. Vegen var stengd til klokka 1519.

To luftambulansar, tre ambulansar, brannvesen og politi rykte ut til ulukka som skjedde i 80-sona kring ein kilometer vest av Bryggja.

– Ei kvinne er stadfesta omkomen, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Alvorleg for mann (46)

Kvinna var førar av den eine bilen som var involvert i ulukka. Politiet vil førebels ikkje seie noko meir om identiteten til den omkomne ettersom pårørande ikkje er varsla.

I den andre bilen sat ein 46 år gammal mann ein periode fastklemd. Bilen hamna på taket etter samanstøyten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke på riksveg 15

OMKOM: Tre personar var involverte i trafikkulukka kring ein kilometer vest for Bryggja i Vågsøy. Ei kvinne omkom.

Foto: Bjarne Eldevik

– I første omgang gjekk meldinga ut på at ein person sat fastklemd, men denne kom ganske raskt ut av bilen. I den andre bilen sat ei kvinne som helsepersonell byrja å jobbe med då dei kom til staden. Livet stod ikkje til å redde, seier Rimmen.

Frakta til Førde

Den mannlege føraren i bilen som hamna på taket, og passasjeren i bilen til den omkomne, blir frakta med luftambulanse til sjukehus i Førde og Ålesund.

– Den eine er nærast uskadd, men er frakta til Ålesund. Den andre er frakta til Førde. Der er det konstatert personskade, men vi har ingen opplysningar om omfanget, seier Rimmen.

AMK i Førde opplyser klokka 13 at den 46 år gamle mannen er alvorleg skadd, men at situasjonen er stabil. Mannen er lagt inn på intensivavdelinga og skal til operasjon.

AMK i Ålesund opplyser klokka 13.30 at ein 34 år gamal mann er tilsynelatande uskadd, men framleis er til undersøking hos lege. Tilstanden er stabil.

Ulukkesgruppa kalla ut

Politiet seier det var vitne til ulukka, men vil ikkje seie noko om kva desse skal ha forklart. Etter det NRK kjenner til skal det ikkje ha vore glatt i området.

Rimmen seier politiet er på staden og gjer sine undersøkingar.

– I tillegg er ulukkesgruppa til Statens vegvesen rekvirert, og på veg til staden, seier Rimmen.

Vegen var stengd i over fem timar som følgje av ulukka, men personbilar kunne køyre den gamle vegen om Bryggja.

Uvisst når vegen opnar

Ved alvorlege trafikkulukker plar ikkje bilane bli flytta på før ulukkesgruppa har godkjent det.

– Dei ynskjer å ha bilane slik dei står. Eine medlemen i ulukkesgruppa køyrer frå Sogndal, så det kan nok ta litt tid før vegen blir opna att, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.