Regjeringa stadfestar i kveld ei storsatsing på å få tatt igjen vedlikehalds-etterslepet på fylkesvegane i heile landet.
– Vi vil byggje opp om fylka sine moglegheiter til å betra fylkesvegnettet. Fylkeskommunane har vist seg som gode vegeigarar, dei har satsa og gjer ein god jobb, seier Liv Signe Navarsete til NRK.
- LES OGSÅ:
Tiårsperiode
Ho peikar på at det gjennom fleire år er påvist eit stort forfall i fylkesvegnettet over heile landet.
– For å setje fylka betre i stand til å takle dette, så har vi lagt inn 10 milliardar i ei vedlikehaldspakke og 7,5 milliardar til rassikring som og sjølvsagt betyr utbetring av dårleg vegstandard, seier Navarsete.
Dette er midlar som skal brukast over ein tiårsperiode, og ein vil då truleg få teke att svært mykje av dårleg og mangelfullt vedlikehalde fylkesvegar.
– Dette er svært gledeleg og med ei slik satsing vil vi få gjort mykje med det etterslepet som er på fylkesvegane, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva til NRK.
Mykje dårlege vegar
Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, og dei har lenge etterlyst meir midlar til desse vegstrekningane. Mange av dei sterkt trafikkerte og dårleg vedlikehaldne.
Det same gjeld ei rekkje tunnelar, ikkje minst på Vestlandet, som har store behov for vedlikehald og utbetringar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fleire lekkasjar
Ingen i regjeringa har vore tilgjengeleg for kommentar så langt i kveld. Norsk Transportplan skal etter planen leggjast fram neste veke, men det har vore fleire store lekkasjar frå det omfattande dokumentet.
Ikkje minst har regjeringa si varsla satsing på ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim, og byggjing av skipstunnel gjennom Stad, vekt stor merksemd.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Svært gledeleg
Frå heile landet kjem det positive tilbakemeldingar på NTP-lekkasjen no i kveld. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Sogn og Fjordane tykkjer det er svært bra dersom det verkeleg blir slik at det skal løyvast heile 17,5 milliardar ekstra til fylkesvegane.
– Dette er svært gledelege nyheiter. Dette er pengar som heile landet treng for å ta att eit stort etterslep. Då fylkeskommunane overtok fylkesvegane varsla vi raskt at det ville vere naudsynt med statleg hjelp, seier Kjelsnes.