Hopp til innhold

Fann 7500 år gammal furu

Ein 7500 år gammal furustokk er funnen i ei myr ved Ommedalsstøylen i Hyen. – Dette er eit oppsiktsvekkjande funn.

Ommedalsfurua

GAMMAL FURU: Ommedalsfuru blei 80 år gammal og vaks for omlag 7500 år sidan.

Foto: Sunnfjord Geo Consulting

Furua frå Ommedalsstøylen blei funnen av Sivert Ommedal og Kåre Teigland i forbindelse med vegbygging i området.

– Stokken dukka opp i ei myr. Vi stussa litt og fann ut at den burde undersøkjast nærmare. Det er ikkje mykje skog her på støylen no, berre litt bjørk og buskar. Vi forstod at dette måtte vere noko anna. Den var grovare enn det som veks her og den låg såpass djupt i myra, seier Sivert Ommedal.

Blei overraska

Sunnfjord Geo Consulting blei spurt om å datere furua då dei utførte skredfareevaluering i same området ved utgangen av 2012. Botanisk institutt har stadfesta at det er snakk om ei furu og eit polsk laboratorium har tidfesta furua.

– Ut frå årringane blei furua om lag 80 år gamal og har sidan lege i myra. Dette funnet er ganske oppsiktsvekkjande då det, så vidt vi veit, er den eldste daterte furua frå Sogn og Fjordane, seier Nesje som er professor i geologi ved Universitetet i Bergen og styreleiar i Sunnfjord Geo Consulting As.

Då Nesje fekk furustokken, hadde han aldri trudd den skulle vere så gammal.

–Det er også veldig spesielt at det er så godt oppbevart. Den kan ikkje lege lenge på overflata før den nærast blei hermetisert i myra for 7500 år sidan.

Låg lågare enn i dag

Denne furua levde under klimaperioden Atlanticum som er om lag 9000–6000 år før notid. Fordi landhevinga då ikkje hadde pågått så lenge, låg Ommedalsstøylen langt lågare over havet enn i dag. Den gjennomsnittlege furugrensa i sørlege Skandinavia låg om lag 140 m høgare enn i dag på det tidspunktet.

– Dette funnet føyer seg inn i eit mønster som vi ser i Jotunheimen og Hardangervidda. Det var ein eller to grader varmare på den tida og til dømes var Jostedalsbreen heilt vekksmelta, fortel han.

Sjeldan furu

Årsaka til at furustokkken blei levert til geologane, var at det i dag ikkje finst furuskog ved Ommedalstøylen. Det er funne gamle furustokkar andre stader i landet, men det er ikkje så vanleg på Vestlandet.

– Så vidt vi veit er det den eldste daterte furua frå Sogn og Fjordane, seier Nesje.

Einar Alsaker, Atle Nesje, Even Vie og Oliver Queck

TYKKJER DET ER SPENNANDE: Geologane Einar Alsaker, Atle Nesje, Even Vie og Oliver Queck som jobbar i Sunnfjord Geo Consulting.

Foto: Sunnfjord Geo Consulting

Truleg den siste

Furugrensa og temperaturen fall rett etter at Ommedalsfurua levde, så både høgda på funn lokaliteten og sjølvsagt alderen er oppsiktsvekkjande nytt.

– For å sjå litt stort på det kan ein dermed sei at Ommedalsfurua truleg var ei av dei siste som vaks i denne høgda, før furu forsvann frå staden for godt.

Sunnfjord Geo Consulting AS vil bruke resultatet i arbeidet med å kartlegge, formidle geologien og klimautviklinga i Sogn og Fjordane.

– Vi kan bruke dette funnet i ein større samanheng når vi skal rekonstruere klimaet. Det er bra folk har augo med seg når dei er ute i naturen, slik at vi får inn slike ting som dette, seier Nesje.