Hopp til innhold

No kjem vinden og regnet inn over fylket for fullt

Du tykte kanskje vêret såg fint ut i dag tidleg? Det er det no slutt på. Om få timar vil heile fylket få ei skikkeleg rotbløyte.

Vêret

NO KJEM DET: Dei neste 12 timane vert våte i Sogn og Fjordane. Dess mørkare farge, dess meir regn. Dette er prognosen for klokka 16 søndag.

Foto: Yr.no

– Det er på veg innover no, for full fart. På kysten har det allereie teke til å regne, og no dreg det seg innover landet med stormsteg, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød.

Det er venta full storm ved Stad, altså 25 meter i sekundet. Men også i innlandet vil stormen merkast.

– Ei må rekne med at vinden kjem frå sørleg retning og også i innlandet vil den liggje mellom frisk bris og liten kuling. Men i kasta kan vinden vere langt sterkare, understrekar Granerød.

Intenst regn dei neste 12 timane

Dei næraste timane vil det bli nedbør i heile Sogn og Fjordane.

– Til og med i indre strøk vil dei merke dette. Dei neste 12 timane kjem det intenst regn, og så vil det minke noko i natt, seier Granerød.

På dei fleste stadar vil det komme mellom 60 og 80 millimeter regn i løpet av 12 til 18 timar.

Vakthavande meteorolog Martin Granerød

Lokalt vil det komme mykje nedbør spesielt i ytre og midtre delar av fylket.

– På dei fleste stadar vil det komme mellom 60 og 80 millimeter regn i løpet av 12 til 18 timar. Det er ganske mykje, spesielt i kombinasjon med mykje høgare temperaturar enn det vi har hatt i det siste, seier Granerud.

Regn opp til 1500–2000 meter

Ein må så høgt som mellom 1500 og 2000 meter for å finne nedbøren som snø, og regn så høgt opp i fjellet kan gi store utfordringar.

– I kombinasjon med stor snøsmelting snakkar vi om stor skredfare. Spesielt er det fare for sørpeskred. Det vil bli store mengder vatn som kjem susande, og som kanskje ikkje finn dei vanlege vegane sine sidan grunnen er frosen, seier Granerød.

Dei neste 12 timane kjem det intenst regn, og så vil det minke noko i natt.

Vakthavande meteorolog Martin Granerød

Han trur temperaturane vil komme så høgt som ti grader einskilde stadar, noko som vil gi stor snøsmelting.

– Den høgste temperaturen vil vi få i kveld mellom klokka 18 og 24, seier Granerød.

Også NVE har oppmoda folk om å vere obs når nedbøren og mildvêret set inn for fullt.

– Vatnet finn sine eigne vegar, og då kan ein fort få ei overrasking, seier Granerød.

Ver obs på lokale overfløymingar

Mange avløp og elvar er frosne etter ein lang og kald vinter. Det vil gi utfordringar når dei store vassmassane skal finne vegen ned mot fjorden.

– Det blir mykje nedbør på kort tid, så det er vare for overfløymingar mange stader. Mykje is i vassdrag, avløpsvegar og stikkrenner gjer at kapasiteten til å ta unna vatn er mykje dårlegare enn han burde ha vore, seier vakthavande hydrolog ved NVE, Erik Holmquist til yr.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

MÅTTE RYDDE: Bjarte Hauge måtte rydde isnedfall på E39 fredag. Her er han i ferd med å avslutte arbeidet. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Mykje is langs vegane

Fleire stadar i Sogn og Fjordane heng det store ismassar i fjellveggene langs vegane. Bjarte Hauge frå Førde var ein av dei som fredag måtte ta nevane fatt for å fjerne store mengder isnedfall på E39 ved Eikås i Jølster.

Det kan fleire måtte gjere i løpet av dagen.

– Eg har allereie fått melding om at det har komme ned ein del isnedfall på fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein, og vi veit at det er is mange stader. Folk må ta omsyn og køyre forsiktig, for det kan liggje is i vegen rundt neste sving, seier operatør ved Vegmeldingssentralen, Jan Erikstad.

Følgjer situasjonen nøye

Hjå Statens vegvesen følgjer dei situasjonen på vegane nøye.

– Vi hadde eit møte fredag der vi hadde ein gjennomgang av vêret som var meldt. På bakgrunn av det gjorde vi litt forsterkingar i eigen organisasjon, samt at kontraktørane våre ute på vegane har ekstra beredskap og følgjer med, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.