Hopp til innhold

Torer ikkje opne Vikafjellet i dag

Ras og faren for fleire ras gjer at Vikafjellet ikkje blir opna att måndag. Før det kan skje vil Vegvesenet gjere ei ny vurdering av kor mykje snø som ligg att i fjellsida.

Ras på Vikafjellet (april 2013)

STENGD: Vegen over Vikafjellet blir ikkje opna att måndag. Biletet syner området opp mot Storehaugtunnelen, der det natt til måndag og måndag har gått fleire mindre ras.

Foto: Jon Linde, Mesta

Statens vegvesen opplyser at det i løpet av natt til måndag og føremiddagen måndag har kome mange sørpeskred i stigninga opp mot Storehaugtunnelen.

Representantar frå entreprenøren Mesta var på Vikafjellet tidlegare i dag for å vurdere situasjonen. Medan dei var der kom det fleire småskred i dei same løpa.
Ut ifrå ei totalvurdering vart det bestemt å stenge fjellet.

– Før vi kan opne vegen må vi gjere ei ny vurdering av kor mykje snø som har kome ned, og om det ligg meir igjen oppe i fjellsida. Dette vert gjort i morgon, seier Per Ove Fossheim i Statens vegvesen.

Store nedbørsmengder førte måndag morgon til at ei rekkje vegar i Sogn og Fjordane var stengde. Fleire av dei har opna att for trafikk i løpet av dagen.

Held vegen til Veitastrond stengd

Heller ikkje fylkesveg 337 til Veitastrond vil bli opna att i dag.

Natt til måndag gjekk det ras ved Bjødnabakken, og entreprenøren sette i gang med rydding i føremiddag. Men dette arbeidet vart avslutta då ein undervegs observerte fleire skred i fjellet inn mot Veitastrond.

Vegvesenet opplyser at det difor vart bestemt at vegen ikkje opnar att i dag. Også her vil det bli gjort ei ny vurdering tysdag.

Fleire vegar som er stengde:

  • Fylkesveg 92 mellom Bjordalen og Stordalen er også stengd, her på grunn av fare for ras.
  • Fylkesveg 451 Vassenden–Kjøsnes–stengd grunna steinras. Blir ikkje opna att måndag

Fare for vassplaning

Telen i jorda og dei høvesvis store nedbørsmengdene gjer at rasfaren for tida er stor i fylket.

Når vatnet ikkje får trekkje ned i jorda, kan det også føre store mengder vatn inn i vegen. Fleire stader kan det vere fare for vassplaning og bilistar blir oppmoda om å vere merksame på dette.

På E16 Filefjell var det varsla at vegen ville bli stengd mellom klokka 19 og 21 måndag kveld grunna sprengingsarbeid. Men dette blir ikkje noko av likevel, melder Statens vegvesen.