Hopp til innhold

Buss måtte vike for lastebil

På den smale vegen over E16 Filefjell vart det bussen som måtte vike då den møtte ein lastebil.

Valdressekspressen i grøfta på E16 over Filefjell

I GRØFTA: Bussen vart ståande med eine hjulsettet i grøfta etter at den møtte ein lastebil på E16 ved Maristova på Filefjell.

Foto: Anette Stegegjerdet Norberg

Valdresekspressen på veg frå Lærdal til Oslo hamna torsdag føremiddag i grøfta like ved Maristova på Filefjell, skriv Sogn Avis.

Denne delen av vegen er både smal og kronglete, og både sommar og vinter blir tyngre køyrety ståande faste. Ofte fordi det har blitt for trongt når dei møtest. Og nettopp det skjedde også i dag.

Ifølgje avisa skal bussen ha prøvd å svinge seg ut for ein møtande lastebil då hjula kom utfor vegbana. Dermed var det full stogg. Passasjer Anette Stegegjerdet Norberg seier det ikkje var dramatisk, men at dei vart bedne om å gå ut av bussen.

– Vi fekk beskjed om å gå ut av bussen fordi den var i ferd med å sige lenger ut i grøfta, seier ho til NRK.no.

Av omsyn til tryggleiken måtte passasjerane difor vente på ein ny buss ute, men det skal ikkje ha blitt sure miner av den grunn. Stegegjerdet seier bussen er mellom 20 og 30 minutt forseinka på grunn av uhellet, men gir ros til busselskapet for god service.

Ifølgje Vegtrafikksentralen vil berging av bussen ikkje føre til problem for vegfarande på E16. Bussen vil bli fjerna samtidig som vegen over fjellet er stengd mellom klokka 10.30 og 12.30.