Hopp til innhold

No er hengestenger på plass, snart kjem køyrebana over Dalsfjorden

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I helga vart hengestenger montert på Dalsfjordbrua. Dei skal vere feste sjølve køyrebana som skal gå over fjorden.

– I løpet av neste veke vil Dalsfjordbrua sjå ut som ei ferdig bru. Det er sjølvsagt mykje arbeid som står att etter det, men ein vil få eit inntrykk av korleis brua blir sjåande ut, fortel kommunikasjonsrådgjevar hjå Statens vegvesen, Ole Kristian Åset.

På laurdag blei stenger festa til berekablane. I desse skal det festast ein stålkasse.

Stålkassa er sjølve køyrebana i brukonstruksjonen. Så no er det klart til at vegen over brua kan monterast.

Hengjestenger Dalsfjordbrua

HENGESTENGER: Med hjelp i frå Airlift blei hengestengene festa.

Foto: Harald A. Holmefjord / Statens vegvesen

Stålkasseseksjonane er no på veg inn i norsk farvatn med båt frå verftet i Nederland.

På grunn av bruarbeid i veka som kjem vil fjorden bli stengd for all båttrafikk ved Dalsfjordbrua. Dette gjeld frå 30. april til og med 06. mai frå klokka 05.00 ti 22.00.

Stålkassar, Dalsfjordbrua

STÅLKASSE: Stålkassar på lekteren i Nederland, før fartøyet skulle ut på havet med kurs for Dalsfjorden

Foto: Harald A. Holmefjord / Statens vegvesen