Hopp til innhold

– Vindauga på hotellet bles opp

Blandakoret frå Stryn sat og åt frukost i Praha då det smalt eit kvartal unna. Fleire titals menneske vart skadde i den dramatiske eksplosjonen.

Sat eitt kvartal unna då det eksploderte i Praha

EKSPLOSJON: Tanja Selbervik Hage, Kristin Vedøy Drageset og Anita Røyrvik var eit kvartal unna gassseksplosjonen.

Foto: Bente Osnes

– Vi sat og åt frukost på hotellet då vi høyrde eit kraftig smell. Vindauga knuste ikkje, men det var såpass att dei opna seg av trykket. Då vi kom opp på romma såg vi at det same hadde skjedd der, fortel Bente Osnes, leiar i Vikane Blandakor frå Stryn, som er på kortur til Praha.

– Vi er uskadde

Etter ein rask runde med telefonar er ho sikker på at alle dei 18 i koret er trygge og uskadde. I følgje førebelse tal frå tsjekkiske medier vart 40 personar skadde i eksplosjonen, og det skal framleis vere folk som er fanga i ruinane til bygningen som vart sprengt.

– Tenkte på terror

– Det første du tenker er sjølvsagt terror, men folka i resepsjonen forsikra oss raskt om at det var snakk om ein gasslekkasje, fortel Osnes.

Ho fortel om ein by som er kraftig prega av det som har skjedd. Området rundt eksplosjonsstaden er sperra av, og lydane av helikopter og ambulansar dominerer bybiletet.

– For oss blir dette sjølvsagt det store temaet i dag, men sjølv om det er vanskeleg å ta seg fram i byen med alle sperringane reknar me med at turen vår vil gå som normalt, seier Osnes.

Vikane blandakor reiser heim til Norge 1. mai.

Per Ove Reme om eksplosjonen i Praha. Var bare 200 meter unna.

HØYR RADIO: Per Ove Reme om eksplosjonen i Praha.