Hopp til innhold

Over 100 meter breitt ras stengjer E39

Eit over 100 meter breitt steinskred sperrar E39 ved Aven mellom Vadheim og Lavik. Vegen er heilt stengd, og all trafikk må køyre via fylkesveg 57.

Steinras på E39

STENGD: Rasstaden vil verte undersøkt av geologar når det lysnar tysdag.

Foto: Brynjulv G. Hauge

– Vegen er heilt stengd for alle bilar. Alle som treng å køyre denne strekninga må køyre via fylkesveg 57, seier operatør ved Vegmeldingssentralen i Bergen, Roger Lemme.

Det betyr at alt trafikk på fylkets mest trafikkerte veg må køyre via Dale sentrum i Fjaler for å komme seg frå Lavik til Førde. Denne vegen har høgdeavgrensing på 3,9 meter, så køyretøy over dette må anten køyre via riksveg 5 Skei - Sogndal - Lærdal og så E16 vidare.

Raset gjekk like før midnatt natt til tysdag, og det var ei stund opplyst at vegen var open for små køyretøy, men dette har ein gått vekk ifrå.

Er eit området der det har rasa før

– Raset gjekk om lag klokka 23 måndag kveld. Det har komme ned ein god del stein. Så vidt vi har fått vite er raset om lag 100 meter breitt, og det har komme ein del småstein og nokre store, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Rune Dvergsdal.

Dette skal vere eit område langs E39 der det tidlegare har gått ein del ras.

– Det har nok skjedd før, men dette kjenner eg ikkje detaljar rundt, seier Dvergsdal.

Han kjenner ikkje til om det var bilistar som kom over raset, eller om det var folk i nærområdet som oppdaga at det hadde rasa.

Sender geolog i morgontimane

– Ein gong mellom klokka sju og åtte vil ein geolog vere på staden i helikopter for å synfare området og sjå om det er noko laust som heng att oppe i fjellsida, seier Dvergsdal.

Han trur ikkje det skal ta lang tid å rydde vegen dersom området vert vurdert som trygt.

– Så fort som geologen kjem med sine vurderingar så skal det vere komme maskiner på plass som er klare til å rydde, seier Dvergsdal.

Sjølv om det er nokre store steinar, trur han det vil late seg gjere å fjerne dei maskinelt.

– Dei trudde dei skulle klare det utan å måtte skyte dei bort, seier Dvergsdal.