Hopp til innhold

Slik påverkar raset trafikken

Dei fleste lokale rutene til Firda billag vil gå mellom Førde og Vadheim, og nokre av rutene som skal til Bergen, vert starta i Lavik.

Ras ved Aven

STENGD: E39 er stengd ved Aven grunna store steinmassar som fall ned natt til tysdag.

Foto: Silje Guddal / NRK

I Fjaler ventar ordførar Arve Helle kraftig endra trafikkbilete gjennom Dale sentrum etter raset mellom Vadheim og Lavik.

For det er her mykje av ferjetrafikken blir dirigert om.

– Det er jo ikkje noko autostrada vi snakkar om. Rett nok er delar av Lavik - Dale ok, men så har vi det spesielt kritiske stykke frå Dale og inn mot Osen. Vi får håpe dette ikkje pågår alt for lenge, seier Helle.

Problematisk tunnel

Når NRK.no snakkar med han like over klokka 08, kjem den første pulja med omdirigert ferjetrafikk.

– Dei som køyrer her kan eg i alle fall garantere ei flott utsikt i desse dager sjølv om veret er dårleg. Men dei største trailerane vil ikkje kunne køyre her på grunn av Båtevikstunnelen som har ei makshøgde på 3,90 meter, legg Helle til.

For dei aller største køyretya kan ikkje nytte seg av fylkesveg 57. Dette er einaste omkøyringsveg, noko som gir utfordringar også for Firda Billag som har mange bussar på E39.

Får utfordringar

– Dei første rutene køyrer vi mellom Førde og Vadheim, og dei rutene som skal gå til Bergen startar vi i Lavik og køyrer til Bergen, seier trafikksjef i Firda billag, Tore Masdal.

Ruta som starta klokka 5.15 fekk stoppa i Vadheim, og går så vidare frå Lavik 06.30, seier Masdal. Avgangen 7.35 frå Førde går berre til Vadheim.

– Vi har ein kombinertbil som startar 7.30 i Lavik, og den går via fylkesveg 57 Dale til Førde, seier Masdal.

Sender ikkje skulerutene på fv. 57

– Ein god del av rutene er lokale ruter, mellom anna skuleruter. Og dei sender vi ikkje via fylkesveg 57. Vi prøver å halde oppe skuleruta Vadheim-Førde som normalt, seier Masdal.

Han legg til at også skuleruta som går frå Vadheim til grunnskulen på Sande går som normalt.

– Her leiger i inn taxi for å få borna trygt til skulen til normal tid, seier Masdal.

Når det gjeld Lavik skule og elevane som sit fast på feil side av raset, vil dei ikkje få noko tilbod.

– Her er det nokre få elevar som skal til Lavik skule frå Norevik, men dei får ikkje noko tilbod i dag, iallfall ikkje før vegen opnar, seier Masdal.

Følgjer situasjonen nøye

I første omgang har Firda billag sett på alternativa for rutene fram til klokka er ni.
Kva som skjer etter det, kan ein førebels ikkje seie noko om.

– Vi må vurdere situasjonen fortløpande, seier Masdal.

Det er Firda billag som har flest ruter på strekninga, og Masdal legg ikkje skjul på at ei stenging på E39 får store konsekvensar.

– Vi har fleire avgangar som skal gå til Bergen 8.45 og 11. 45, så det er ruter som vi eventuelt må sende via fv. 57 Dale, seier Masdal.

Fører til store forseinkingar

Men det gir store forseinkingar.

– Dei blir iallfall ein time forseinka, seier Masdal.

Bussane som skal til Bergen vil ikkje køyre nedom Vadheim, men vil gå frå Storehaug til Dale og vidare til Lavik.

Han legg til at det i utgangspunktet ikkje medfører problem for bussane å gå via Dale.

– Dette er ei strekning der vi har mange bussruter dagleg, så det går bra. Men det går litt lenger tid, og i dag vert det nok litt ekstra trafikk, så då tek til dømes møting og slikt litt lengre tid, seier Masdal.

Han ber trafikantane høyre på radio og lese nettsider for å halde seg oppdaterte.

– Folk får berre følgje med. Og så vil det bli forseinkingar, seier Masdal.