Hopp til innhold

Her sat Magnar vakt i heile natt

Magnar Gangsøy i E. Opedal & søner har sete vakt ved rasstaden på E39 ved Aven i heile natt.

Magnar Gangsøy

PASSA PÅ: Magnar Gangsøy i E. Opedal & søner har passa på rasstaden i heile natt.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det har gått bra, vi har det varmt og godt. Det er ikkje så mykje trafikk om natta heller, så dette har gått bra, seier Magnar Gangsøy i E. Opedal & søner.

Vegen vart stengd då raset dundra ned på E39 i 23-tida måndag kveld, og sidan då har det hopa seg opp med eit par vogntog på kvar side av rasstaden. Vegen er no heilt stengd for ferdsle, og einaste omkøyringa er fylkesveg 57 via Dale i Fjaler kommune.

– Eg har snakka med karane i vogntoga, og dei forstår situasjonen. Dei tek det med ro og ventar til vegen vert opna, seier Gangsøy.

Han legg til at han sjølv ikkje kan hugse sist det rasa ved Aven på E39, men at lokale folk har fortalt om fleire ras på staden tidlegare.

Fortel om tidlegare ras

– Dei sa at det hadde gått fleire ras her tidlegare, men for fleire år sidan, seier Gangsøy.

Ein geolog vert flogen inn i området i 07-tida, og skal verte flogen over rasområdet i helikopter for å få oversikt over situasjonen.

Truleg kan vedkommande anten gi klarsignal til rydding, eller så blir vegen halden stengt fram til rasfaren minkar.

Gangsøy skal også med på synfaringa.

– Han ville gjerne at eg skulle bli med sidan eg har vore her i heile natt og observert, seier Gangsøy.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

MANGE STEINAR: Raset ved Aven strekkjer seg iallfall 100 meter. Foto: Silje Guddal

Steinar på fleire tonn

Han legg til at raset truleg skuldast vêret vi har hatt i vinter, i tillegg til det kraftige regn- og mildvêret som har vore siste veka.

– Det er nok den harde vinteren, i kombinasjon med regn og mildvêr som har ført til dette, seier Gangsøy.

Han fortel at raset består av fleire steinar på opptil fleire tonn.

– Det er ikkje småsteinar, nei, seier Gangsøy.