Hopp til innhold

Tjukk tåke hindrar helikopter med geolog

Geolog Jens Tveit skulle reist med helikopter frå Førde lufthamn Bringeland til rasstaden på E39. Men det set tåka ein effektiv stoppar for.

ras Aven

KAN IKKJE LETTE: Dårleg sikt gjer flytilhøva svært vanskeleg.

Foto: NRK/Silje Guddal / NRK

– Sikta er altfor dårleg for at helikopteret kan lette. Difor har eg sett meg i bilen og er på veg til Aven, seier Tveit til NRK.no.

Seint måndag kveld gjekk det eit stort steinras ved Avenbukta på E39 mellom Lavik og Vadheim. Raset skal vere på over 100 meter i breidde, og vegen har vore stengt sidan.

Einaste omkøyringsmoglegheit er fylkesveg 57 via Dale i Fjaler kommune, ein omveg som fort tek ein time og vel så det.

Håpar helikopteret kjem seg av gårde

Tveit er framme ved Aven, men kan ikkje seie noko om han kan vurdere rasstaden heilskapleg utan helikopter.

Jens Tveit

PÅ PLASS: Geolog Jens Tveit er no på plass og ventar på helikopter for å få vurdert situasjonen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg kan ikkje seie noko om dette då eg ikkje har vore på staden. Men lettar tåka, så kjem helikopteret utover til oss, og då kjem vi oss opp. Men dette må vi berre sjå, seier Tveit.

Han tek sikte på å først vurdere raset frå bakkenivå.

Håpar på vindauge

Pilot Øyvind Myhre i Airlift seier til NRK.no i 08-tida at han håpar på eit vindauge slik at det let seg gjere å lette i løpet av ein halv til ein time.

– Vi ser på prognosane at det vil lette litt rundt 08.30 og ei stund framover. Men så kjem det ein del bygeaktivitet. Kanskje klarar vi å snike oss ut mellom bygene, seier Myhre.

Han er avhengig av fri sikt for å kunne lette, og tek ingen sjansar før tilhøva tilseier at det er trygt.

– Men fronten som er over oss no er truleg forbi på ein god halvtime. Dei eg har snakka med i Lavikområdet fortel at vêret er noko lettare der, seier Myhre.

Etter planen skal han plukke opp geolog Tveit ved Aven og fly han opp til synfaring i fjellsida.