Hopp til innhold

Høyrde det buldra høgt frå fjellsida på rasstaden ved E39

Medan NRK-reporter Silje Guddal stod og intervjua dei som står i kø ved rasstaden på E39 i Avenbukta, høyrde ho at det buldra høgt frå fjellsida.

Created by InfoDispatcher

MANGE STEINAR: Raset ved Aven strekkjer seg iallfall 100 meter. Foto: Steinar Lote

– Vi høyrde at det buldra oppe i fjellsida i stad. Vi såg ikkje at det kom ned noko steinar i fjellsida, men det buldra skikkeleg, seier Guddal.

Ho legg ikkje skjul på at situasjonen var ubehageleg.

– Det er tydeleg at dei har gjort rett når dei har stengt strekninga. Det kan tyde på at det er meir som vil ned her, seier Guddal til NRK.no.

Ho fortel at fleire av trailersjåførane på staden tek livet med ro og ventar.

– Dei nyttar sjansen til å kvile og vente på at det skjer noko, seier Guddal.

Store skadar på autovernet

Ho fortel at det regnar ganske bra på staden, og at skodda ligg tett ned i fjellsida.

– Steinane har truleg losna høgt oppe i fjellsida, og steinane er iallfall over 1,60 i både høgde og breidde, seier Guddal.

Ho fortel at autovernet på staden har fått store skadar.

– Det er enorme krefter som har vore i sving, og ein skal berre vere glad for at ingen var på vegen då steinane kom rasande i går kveld, seier Guddal.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Steinblokker på tre til fire tonn

– Det er eit steinskred som har komme frå fleire hundre meters høgde, det er blokker på tre til fire tonn og dei ligg spreidde i eit område på om lag 100 meter, seier geolog Jens Tveit.

Spora både i asfalten og på autovernet talar for at det var store mengder stein som kom net natt til tysdag.

– Det tyder på stor fart og stor energi i skredet. Det er truleg ein del blokker som også har gått på fjorden, så raset har nok vore ein del større enn det vi ser her, seier Tveit.

Også skogen i fjellsida over rasstaden har fått hard medfart.

– Vi veit iallfall at raset har gått over der trea er knekte. Meir kan eg ikkje seie før eg har vore oppe i helikopter, seier Tveit.