Hopp til innhold

Rektor og elevar tok båt forbi rasstaden for å nå jobb og tentamen

Då rektor ved Lavik skule Geir Ytredal og eit par elevar sat fast på feil side av raset på E39, var gode råd dyre. To av elevane skal nemleg ha tentamen i dag, og bussrutene var innstilte. Men rektor visste råd.

I båten

IKKJE RÅDLAUSE: Rektor Geir Ytredal visste råd då raset sperra for vegen til skulen.

Foto: privat

Han ringde nemleg etter ein nabo med båt. Dermed suste rektor og elevane over Avenbukta i trygg retning Lavik skule. Eit ras stoppar ikkje den som vil.

Den mest trafikkerte hovudferdselsåra i Sogn og Fjordane, E39, vart stengd ved Aven mellom Lavik og Vadheim måndag kveld grunna eit stort steinras.

Mange svære steinblokker på opp til to-tre tonn har dundra ned i vegbana.

Dermed såg det ei stund mørkt ut for både arbeidsdagen til rektoren, for ikkje å snakke om matte-tentamenen til tiandeklassingane.

Men rektor ville det annleis.

– Det gjekk heilt fint å skaffe båt. Når ein er lokalkjend og kjenner naboane, så prøver ein først det eine og så det andre. Her fekk vi napp på første forsøk. Ei stor takk til båtførar Ingvar Aven, seier rektor Ytredal.

Tok ti minuttar forbi raset

Med båtskyss på plass var det berre å samle elevane det var snakk om, og vips var det på veg til skulen i ein høgst alternativ skuleskyss.

– Det var om lag ti minuttar i båt forbi rasstaden, så var vi på plass på andre sida, seier Ytredal.

Han understrekar at turen var høgst udramatisk. Rektor var mest oppteken av å komme seg på jobb, samt at han hadde litt spesiell omsut for to av elevane som skal ha tentamen i dag.

– Det er viktig at tiandeklassingane får gjennomført tentamen. Men dei små elevane våre fekk beskjed om å halde seg rolege heime, seier Ytredal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

STORE SKADAR: Raset har hatt enorme krefter og gjort store skadar på vegen ned. Foto: Steinar Lote

Litt uvanleg start på dagen

Robert Norevik og Maria Hjelmeland tykte det var heilt greitt å komme seg på skulen, om enn litt alternativt, for å nå tentamen.

– Vi skal ha mattetentamen. Det var litt uvanleg dette, men det var kjekt. Dette kan vi godt gjere oftare, seier Norevik, og ler.

Han ser ikkje vekk ifrå at dagens litt uvanlege start har fått nervane til å roe seg før tentamenen.

– Mamma vekte meg i dag tidleg og sa at eg måtte komme meg opp fordi eg skulle sitje på med rektor fordi det hadde gått ras, seier Norevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ut i båten

IKKJE RÅDLAUSE: Elevane tykte det var spennande å ta båt til skulen.

Foto: Privat

Glad ingen kom til skade

Han tenkjer ikkje så mykje på det store raset som har gått.

– Så lenge ingen er komne til skade, så tenkjer eg ikkje så mykje på det, seier Norevik.

Også Hjelmeland tykte den litt alternative skuleskyssen sette ein spiss på morgonen.

– Det har vore litt ekstra spennande, seier Hjelmeland.

Ho fortel at båtturen var lite dramatisk.

– Det var ikkje så lang, vi køyrde veldig roleg, og det var lite bølgjer. Men det var kjekt, seier Hjelmeland.