Hopp til innhold

Geologen er ferdig med synfaringa - sleppte gjennom første bilane i 11-tida

Etter å ha vurdert rasstaden på E39 ved Aven mellom Lavik og Vadheim frå helikopter, har geolog Jens Tveit konkludert med at vegen kan opnast.

Created by InfoDispatcher

HERJINGANE: Slik ser raset ut frå lufta. Foto: Steinar Lote

– Vi såg området der steinblokkene hadde losna svært tydeleg. Steinblokkene har drege med seg mykje masse nedover i terrenget og fjellsida, seier Tveit.

Jens Tveit

REINT: Geolog Jens Tveit fortel at rasområdet ser reint og fint ut, og ser det som lite sannsynleg at det kjem til å rase meir.

Foto: Silje Guddal / NRK

Første bilane vart sleppte gjennom på rasstaden like etter klokka 11 tysdag føremiddag.

Raset som gjekk seint måndag kveld, strekkjer seg over 100 meter i breidde, og synfaringa syner at steinblokkene, som er på mellom to og tre tonn, har losna så høgt som 350 meter oppe i fjellsida.

– Rett over vegen er det ei steinur, og steinblokkene har også drege med seg stein derifrå, seier Tveit.

(Artikkelen held fram under intervjuet)

Created by InfoDispatcher

OM RASET: Geolog Jens Tveit fortel om kva han såg på synfaringa.

Klatrelag skal vippe ned steinar

Eit par av steinblokkene har vorte liggjande på toppen av ura, og her skal klatrarar opp ganske raskt for å sjå korleis det står til.

– Desse blokkene er 30 til 40 centimeter i diameter, og det ser ut til at dei kan liggje litt ustøtt på kanten der. Vi skal ha opp eit klatrelag som skal prøve å få desse ned, seier Tveit.

Nettopp difor vert det ikkje opna for fri ferdsle på strekninga.

– Vi opnar for styrt trafikkavvikling ut over dagen, og folk frå Vegvesenet vil vere på staden med lyttepost og dirigering. Vi har ikkje tru på at det kjem ned meir stein, men vi gjer dette for å vere heilt sikre, seier Tveit.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

FRÅ LUFTA: Her sjekkar geolog Jens Tveit rasstaden frå helikopter. Foto: Steinar Lote

Trur dei skal klare å rydde med hjullastar

Trafikken vil gå kontinuerleg når han først tek til.

– Det er eit relativt stort strekkje, så dette vil ikkje medføre stor ulempe for trafikantane når får rydda opp her, seier Tveit.

Vegvesenet trur dei skal klare å rydde ved hjelp av ein stor hjullastar.

– Vi får sjå korleis det går, seier Tveit.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kø i Avenbukta

LANGE KØAR: Det står lange køar med vogntog på begge sider av rasstaden.

Foto: Steinar Lote / NRK

Store hol i vegbana

Han legg til at truleg har ein god del av raset hamna i Sognefjorden, noko spora på det øydelagde autovernet også tyder på.

– Det er også store hol i vegbana, seier Tveit.

Han legg til at både løsneområdet og skredbana ser reine og fine ut.

– Difor trur vi ikkje det kjem noko meir rasande no. Det ser forholdsvis greitt ut, seier Tveit.

Han kan ikkje seie noko om nøyaktig kor mykje stein som har komme nedover.

– Men vi kan seie at raset har hatt enorm kraft på veg nedover. Ein må berre vere glad for at ingen var der då det skjedde, seier Tveit.