Hopp til innhold

Suksesstrenar gir seg i Førde

Førde volleyballklubb må på trenarjakt. Etter fire sesongar har Frank Kalstad bestemt seg for å gi seg som hovudtrenar.

Frank Roger Kalstad og Marcin Lubiejwskij

SUKSESS: Frank Kalstad har leia Førde VBK til suksess i serie, cup og Nordic League.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Avgjerda fall allereie før nyttår. Etter å ha tapt cupfinalen for Nyborg, fekk eliteserielaget frå Sunnfjord solid revansje då dei viste bergenslaget til sølvplass i serien.

– Du kan vel seie at eg gir meg på topp. For meg handlar det om prioriteringar. Eg har ein familie og jobb som gjer at eg vel å trappe ned no, seier Frank Kalstad til NRK.no.

Mestvinnande

Kalstad tok over som hovudtrenar etter Arild Undheim i 2009. Sidan har seriemeisterskap, cupmeisterskap og triumf i Nordic League gjort han til den mestvinnande trenaren i Førde volleyballklubb.

I det sivile er Kalstad seksjonsleiar på ungdomsposten innan psykisk helsevern i Helse Førde.

– Som eliteklubb har Førde ei tung sportsleg satsing, slik at det er trening stort sett kvar kveld og har kampar nær kvar helg gjennom sesongen. Med familie og jobb i det sivile, så er det vanskeleg å få timane i døgnet til å strekkje til, seier Frank Kalstad.

– Vemodig

Kalstad seier han framleis vil ha ei rolle i klubben, truleg som assistenttrenar for årets seriemeister.

Samstundes vedgår han at det var eit vanskeleg val.

– Det er blanda kjensler. Eg trivast veldig godt med det eg driv på, så det er vemodig. Det er eit kjempespennande lag, men så er det andre omsyn som eg må la gå føre no. Mellom anna to gutar som eg har lyst å lære litt volleyball, seier han.

Rått i Førdehuset

Dei fire åra som Førde-trenar har vore hendelsesrike og har gjeve Kalstad mange gode minner.

Publikum på cupfinalen i Førdehuset

SUKSESS: Ekstatisk heimepublikum under cupfinalen i Førdehuset er det beste enkeltopplevinga til Kalstad som hovudtrenar i Førde.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Som hovudtrenar gjorde han klubben historiske då dei i 2011 vart både nordiske meistrar og norske cupmeistrar.

– Men den råaste enkeltopplevinga er cupfinalen i Førdehuset. Både heile kampen og det å vinne framfor 1.500 heimepublikumarar var fantastisk. Det finst ikkje liknande heimepublikum nokon stad i Norge, seier Kalstad.

Står på ressursar

Kalstad meiner ein med fordel kunne hatt heiltidsstilling som trenar i Førde volleyballklubb.

– Hadde ein drive med volleyball på heiltid, så blir det ein annan situasjon og du kunne organisert kvardagen på ein litt annan måte.

– Den neste trenaren bør i alle fall ha mogelegheit til å bruke meir tid i høve til lag og planlegging. Men klubben må sjølvsagt tilsette den ein både har ressursar og mogelegheit til, seier Kalstad.

Har starta arbeidet

Dagleg leiar Tor Kristian Kvammen seier at dei ei tid har visst at dei måtte på trenarjakt. Etter ein hektisk sesonginnspurt får no dette arbeidet fullt fokus.

Blikket til kaptein Tor Kristian Kvammen seier det meste om vinnarlysta til Førdelaget.

DAGLEG LEIAR: Tor Kristian Kvammen.

Foto: Kjell ARvid Stølen / NRK

– Vi har snakka med nokre kandidatar, så prosessen er i gang. Men per i dag er vi ikkje i mål med arbeidet. Med tanke på planlegging fram mot neste sesong, bør vi ha noko på plass i løpet av mai, seier Kvammen.

Han seier dei ideelt sett ynskjer ein trenar i full stilling, men at økonomien i Førde VBK ikkje gir rom for dette.

– Det er ikkje tema slik situasjonen er no, men vi skulle gjerne vore der, seier Kvammen.