Hopp til innhold

– Det er kaos her, det er heilt gale

Raset på E39 har ført til kaos på fylkesveg 57, som er omkøyringsvegen. – Det var kaos frå Dale til Osen bru, seier Fjaler-ordførar Arve Helle, som var ein av dei som la ut på det som har vore hovudfartsåra mellom Sunnfjord og Bergen tysdag morgon.

Kaos frå Dale til Osen

OMKØYRING: Fylkesveg 57 har vore omkøyringsveg då E39 har vore stengd. Det har ført til kaos nokre stader på vegen.

Foto: Arve Helle

I går kveld raste fleire store steinblokker ned på E39 ved Aven mellom Vadheim og Lavik. No har dei første bilane blitt sleppt gjennom med styrt trafikkavvikling, og fylkesveg 57 om Dale har vore omkøyringsalternativet fram til no.

– Eg brukte 20 minutt meir frå Dale til Førde enn vanleg, på fire mil er det ganske mykje, seier Arve Helle.

– Heilt håplaust

Arve Helle

– KAOS: Fjaler-ordførar Arve Helle.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var spesielt fram til Osen det var gale. På dei to mila brukte eg 15 minutt meir enn vanleg. Spesielt i området ved Nistadlia. Der var det total stillstand i periodar, og mykje lirking og snirkling.

No skal E39 opnast att, noko Helle seier ikkje er eit minutt for tidleg.

– Hadde dette held fram utover dagen hadde det blitt ei tolmodsprøve utan like. Vegen er ikkje dimensjonert for slik trafikk, og det blir heilt håplaust når slikt skjer, seier Helle.

Tankbil i grøfta

Asbjørn Aamot, som køyrer lastebil for Nor Tekstil, var på veg mot Dale i føremiddag.

– Det går greitt, men eg har møtt mykje meir trafikk enn normalt, seier han.

Midt mellom Dale og Sande møtte han ein tankbil som låg i grøfta.

– Eg kom inn i nokre svingar og der stod det ein stor tankbil med hengar som truleg har køyrt for langt ut på vegkanten og hamna i grøfta, seier han.

Han seier at det såg ut som om tankbilen sat fast og ikkje hadde moglegheit til å koma seg laus på eiga hand. Sjølv var det so vidt han kom seg forbi.

– Eg køyrer ein forholdsvis liten lastebil, og det var trongt, so det kan kanskje bli verre om det kjem større lastebilar enn meg.