Hopp til innhold

No ser det endeleg ut som ei bru

Den siste av stålkassane som utgjer køyrebana på Dalsfjordbrua vart heisa på plass søndag føremiddag. No ser det endeleg ut som ei bru.

Dalsfjordbrua ser endeleg ut som ei bru

BRU: Søndag 5. mai vart den siste av dei 11 stålkassane som utgjer køyrebana på Dalsfjordbrua heisa på plass.

Foto: Linda Aasen

Byggjeleiar Harald A. Holmefjord seier arbeidet har gått etter planen. Det var opphavleg tenkt at det siste av 11 bruelement skulle kome på plass laurdag kveld, men på grunn av vind vart dette utsett til søndag.

Men søndag føremiddag har altså brua verkeleg byrja ta form, noko som gler Fjaler-ordførar Arve Helle stort.

– Det er nesten uverkeleg å sjå, det er fantastisk. Ikkje minst visuelt, fordi dette er eit utruleg flott landemerke, seier han til NRK.no.

Han har gleda seg over brua i fleire år, men seier det at den no byrjar ta form for alvor er med å gjere det heile endå meir verkeleg.

No startar arbeidet med å sveise saman seksjonane, eit arbeid som vil ta eit par månader, ifølgje Holmefjord. Deretter kjem arbeidet med overflatebehandling, asfalt og rekkverk før Dalsfjordsambandet etter planen skal opne i desember.

Dalsfjordbrua får eit hengjespenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge. Heile prosjektet er kostnadsrekna til rundt 1,1 milliardar kroner.