Hopp til innhold

May Britt vart kalla hypokonder - no kjempar ho i retten for fleire andre

May Britt Hovland vart i 1993 jaga ut av kontoret til fastlegen sin i Årdal med orda «Du er hypokonder». I 2011 vart ho tilkjent erstatning. Denne veka er det omkamp i lagmannsretten.

Montasje May Britt Hovland

TRE DAGAR I RETTEN: May Britt Hovland fekk ME og meiner vaksine ho fekk var årsaka.

Foto: privat/Scanpix

– Ho må stå i retten og fortelje om plagene sine, med stor offentleg interesse rundt det. Eg må beundre henne for at ho har klart å stå i dette, ikkje minst det at ho har vore til stor hjelp for mange andre, seier Hovlands advokat Edmund Asbøll til NRK.no.

Måndag, tysdag og onsdag denne veka blir viktige dagar for May Britt Hovland, opphaveleg frå Naddvik i Årdal, no busett i Trondheim. Måndag startar Borgarting lagmannsrett i Oslo på ei rettssak mellom May Britt og Pasientskadenemnda.

I 2011 vann Hovland i Oslo tingrett, og det vart påvist årsakssamanheng mellom helsetilstanden hennar og ei vaksine ho tok i samband med eit statleg vaksineforsøk mot hjernehinnebetennelse.

Pasientskadenemnda vart pålagt å betale May Britt sine sakskostnader på 250.000 kr, skreiv tv2.no etter saka i tingretten.

Dommen vart anka

Men Pasientskadenemnda anka dommen, og no er håpet hennar at lagmannsretten kjem til same konklusjonen som tingretten.

NRK.no har vore i kontakt med May Britt Hovland. Ho ynskjer på grunn av helsemessige årsaker og saka sin karakter ikkje å stå fram og la seg intervjue om saka.

– Ho er sterkt plaga og har vore det gjennom mange år av skaden ho vart påført ved vaksina, og no har ho i tillegg stått i ein rettsleg prosess med dei belastningane det fører med seg, seier advokaten hennar, Edmund Asbøll, til NRK.no.

Etter dommen i tingretten fortalde ho til TV2 om korleis livet hennar har vore etter vaksineringa i 1991.

Legen: «Du er hypokonder»

I 1991 var 17 år gamle May Britt Hovland elev ved Årdal vidaregåande skule, og ho vart vaksinert som eit ledd i eit statleg vaksineforsøk mot hjernehinnebetennelse som pågjekk i perioden 1988-1994.

Kort tid etter vaksina starta eit langvarig mareritt som langt på veg har øydelagt livskvaliteten hennar.

På eitt og eit halvt år var ho til utallige konsultasjonar hjå ulike legar og spesialistar, men korkje ho eller foreldra kopla i den perioden helseplagene til vaksina ho hadde teke.

Fastlegen hennar vart lei av henne. 19 år gamal, etter halvanna år med runddans i helsevesenet, fekk ho etter kvart klar beskjed: «Du er ikkje sjuk, du er hypokonder. Kom deg ut av kontoret mitt»

Har valt å ikkje få barn

Først mange år etter vaksineringa fekk Hovland mistanke om at helseplagene hennar kunne ha ein samanheng med vaksina. 15 år etterpå, i 2006, vart det fastslått at ho lir av kronisk utmattelsesyndrom.

Ho søv mykje, ho har smerter, ho har mykje forkjølingssymptom og temperatursvingingar.

Ho og sambuaren har valt å ikkje få barn på grunn av helseplagene hennar.

I stortingsvedtaket som var utgangspunktet for forsøket med vaksine i 1991 stod det at dei som vart vaksinerte skulle fylgjast tett opp i to år med tanke på eventuelle biverknader.

Ingenting har skjedd

I 2007 la Staten seg flat og vedgjekk at dei har svikta deltakarane i vaksineforsøket, og aksepterte sterk kritikk for at informasjonen om risiko og oppfølging av deltagerne var for dårleg.

Men sidan har det ikkje skjedd noko, bortsett frå at May Britt vann fram i tingretten 2011. Dommen slo fast at vaksina mot hjernehinnebetennelse var årsaka til at ho fekk ME.

(Artikkelen held fram under biletet).

– Vi er optimistiske

Advokat Asbøll

OPTIMISTISK: Edmund Asbøll er advokaten til May Britt Hovland.

Foto: GORM KALLESTAD / Scanpix

Advokaten til May Britt Hovland, Edmund Asbøll, har tru på at dei skal vinne også i saka som i dag startar i Borgarting langmannsrett.

– Eg har lært gjennom mange år at det er ein fordel å ha vunne i første instans. Min klient har eit godt utgangspunkt fordi ho har ein siger i ryggen. Dette er ei viktig prinsippsak, og dermed ei sak der det skal takast stilling til tvilsspørsmål, så det kan gå begge vegar, men vi er optimistiske ut frå det som skjedde i tingretten.

– Motparten står fast på at det ikkje er samanheng mellom vaksina ho fekk og det at ho fekk ME. Dei fører nye sakkunnige, korleis trur du det vil slå ut?

– Det er rett at det store spørsmålet er årsakssamanhengen mellom vaksina og sjukdommen hennar, og det er rett at det er nokre nye sakkunnige i lagmannsretten. Men det er ikkje slik at alle dei nye sakkunnige støttar motparten.

– Det er to rettsoppnemnde sakkunnige, og den eine, som på mange måtar er Norges leiande innan ME, ho støttar årsakssamanhengen.

May Britt Hovland

SPENNANDE DAGAR: May Britt Hovland.

Foto: privat

– Tvil skal gå ut over motparten

Asbøll legg vekt på at det er motparten, altså Pasientskadenemnda som har bevisbyrden i saka.

– Tvil skal gå ut over motparten i desse sakene. Når det oppstår skade i samband med vaksinasjon skal dette ikkje gå ut over dei som har delteke, sjølv om det er tvil. Den tvilen må samfunnet bere. Det er ein høgst rimeleg regel.

Asbøll fortel at det er mange som no sitt spente og ventar på utfallet av saka til May Britt Hovland. Det er ho som går i bresjen for svært mange som meiner dei er blitt sjuke av vaksine.

– Min klient har teke på seg ei stor belastning med å føre denne pilotsaka gjenom rettssystemet. Vi får håpe at sluttstrek blir sett no i lagmannsretten, og at det blir ei avklaring for alle dei andre som ventar på ei rettsleg avklaring i dette viktige spørsmålet.

Meiner vaksina ikkje er årsaka

Jan Aubert

TRUR PÅ FRIFINNING: Jan Aubert er advokaten til Pasientskadenemnda.

Foto: privat

Jan Aubert er advokaten til Pasientskadenemnda. Han seier dei valde å anke dommen i Oslo tingrett fordi dei er usamde i at det er ein årsakssamanheng mellom vaksineringa hausten 1991 og utvikinga av ME.

– Pasientskadenemnda meiner det er gode bevis for at det ikkje er ein slik årsakssamanheng, og har støtte for det frå fleire av dei sakkunnige i saka.

– Vi meiner og at Oslo tingrett har stilt for strengt krav til bevisa for at det ikkje er årsakssamanheng, og at det også av den grunn var rett å anke dommen.

Meiner dommen i tingretten var feil

– Kva trur du om utfallet i lagmannsretten?

– Det er oppnemnt ytterlegare to sakkunnige legar i lagmannsretten, og Pasientskadenemnda reknar med å få ei breiare vurdering av årsaksspørsmålet enn det vi fekk i tingretten. Vi meiner dommen i tingretten var feil og har ambisjon om å oppnå frifinning for erstatningsansvaret.

Aubert seier at det ikkje er automatikk i at det no vil kome eit ras av erstatningar dersom May Britt Hovland skulle få medhald i lagmannsretten.

Men han meiner dei har eit godt håp om å få medhald for Pasientskadenemnda.