Hopp til innhold

Katolikkar føler seg diskriminerte

Den katolske meinigheita St. Paul får ikkje lov til å etablere seg på Ulltang i Førde. Det går fram av tilrådinga frå rådmannen i Førde kommune.

Årsaka er motstand frå naboar og at området er regulert til bustadfelt.

I dag er det omlag 570 katolikkar i Sogn og Fjordane. 10 til 20 av dei ynskjer å nytte seg av den eine delen av ein tomannsbustad på Ulltang i Førde. I ein søknad til kommunen ber dei om å få dispensasjon frå reguleringsplanen. Slik kan dei få oppretta eit katolsk senter i bustadområdet førebels - før dei finn noko nærare sentrum.  

-Samanlikna med Bandidos

Sokneprest Arnstein Brodesen tykkjer haldninga til rådmannen er på grensa til diskriminering.

Brodesen seier dei treng dette huset for å halde gudstenester, og for at prestane skal ha ein plass å overnatte.

- Det minner om diskriminering når eg høyrer at folk har samanlikna oss med den frykta motorsykkelgjengen Bandidos, seier Brodesen.

Skeptiske naboar

Heidi Berge og Sveinung Hauge eig den eine delen av bustaden der meinigheita ynskjer å leige nabohusvære.

Ingen av dei vil snakke med NRK i dag, men dei viser til advokat Olav Bryner som uttrykkjer deira syn.

- Naboane er skeptiske til å få eit møtelokale i dette bustadområdet, sidan det vil medføre meir trafikk, forklarar Bryner.

I same båt som muslimane

Avslaget til rådmannen byggjer då også på reaksjonane frå bebuarane i feltet. Saka skal opp i planutvalet neste veke, men i forslaget til rådmannen vert det altså ikkje gjeve dispensasjon til eit senter.

Såleis kan St. Paul bli det andre trussamfunnet i fylket som ikkje har ein stad å vera. Også Førde muslimske senter slit med å skaffe seg lokale på grunn av protestar frå naboar som ikkje ønskjer religiøse senter i nabolaget.

Katolikkane på si side vil no sjå seg rundt etter ein annan stad nærare sentrum, medan dei ventar på vedtaket i kommunen.