Hopp til innhold

No legg oljetankarane til kai att i Sløvåg

Etter sju år med kamp for å redde verksemda etter eksplosjonen, har oljetankarane byrja å leggje til kai att ved oljeanlegget i Sløvåg.

Det er sju år sidan Vest Tank-ulukka i Sløvåg la eit oljeanlegg i grus. Etter mange år med kamp for å redde verksemda, vender no oljetankarane tilbake.

SJÅ TV-SAK: I helga har MT Frank levert olje til mellomlagring i tankane i Gulen. Selskapet Alexela Sløvåg har investert ein halv milliard kroner i det nye tankanlegget, men forholda i oljemarknaden har så langt påført selskapet store tap. (Foto/redigering: Heidi Lise Bakke)

Søndag la Gibraltar-registrerte MT Frank til kai ved oljeanlegget i Gulen.

Når oljetankaren reiser att måndag kveld, skal 16 millionar liter alkylat, som er ei reinare form for bensin utan helse- og miljøskadelege stoff, blitt overført til mellomlagring ved anlegget.

– Det er jo fantastisk. Vi har jobba for dette sidan 2007, og no er vi endeleg i gang att. No håpar vi å kunne utvikle avtalen med oljeselskapet vidare slik at vi får ei meir langsiktig og permanent drift, jublar dagleg leiar Lars Narverud ved Alexela Sløvåg.

– Hadde ikkje gjort det igjen

Lars Narverud, dagleg leiar Alexela Sløvåg

DAGLEG LEIAR: Lars Narverud hos Alexela Sløvåg.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

For det har ikkje vore ein lett start for selskapet som i mai tok over anlegget til tidlegare Vest Tank. Dagen etter overtakinga gjekk to tankar i lufta, etter at lågkvalitets koksbensin vart vaska med sterke kjemikaliar og attende.

Ti personar vart skadde og i ein stor omkrins kring Sløvåg vart folk uvel og sjuke.

– Vi fekk ein trå start i 2007, og eg trur nok at vi basert på det vi veit i dag ville trekt oss ut av kontrakten. Vi hadde ikkje gjort det ein gong til, seier Narverud.

Har sikra seg avtale

Selskapet har brukt 500 millionar kroner på å oppgradere anlegget. Oppryddinga etter eksplosjonen viste seg langt meir krevjande enn venta, og har kosta dei 118 millionar kroner.

Alexela var klare til å starte opp i fjor, men så gjekk fraktprisane ned, og dei stod klare til å måtte permittere . I staden landa dei kontrakt med eit oljeselskap. Namnet vil ikkje Narverud ut med.

– Med denne kontrakten har vi fått eit gjennombrot, og vi håpar å kunne forlenge den etter utgangen av mai. Vi jobbar også med fleire andre alternative løysingar, så vi er sikra drift ut mai, seier han.

Vil følgje med

Ordførar Hallvard Oppedal er glad for at det er ny aktivitet ved anlegget, ikkje minst på grunn av skatteinntektene som kan rulle inn i kommunekassa om Alexela Sløvåg verkeleg kjem på fote igjen.

Likevel seier han dei vil følgje nøye med på kva selskapet gjer.

– Det er klart at med den historia dette har hatt, så har vi vore litt uroa. Men slik som det er no, er det tryggande. Det gode som kom ut av ulukka i 2007, er at ein har fått på plass gode kontrollrutinar og fokus på tryggleiken, seier Oppedal.

– Eit trygt anlegg

MT Frank

PUMPAR: MT Frank pumpa 1,2 millionar liter alkylat i timen til tankanlegget i Sløvåg.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Narverud meiner verken kommunen eller innbyggjarane har noko å frykte.

Han seier selskapet har fått alle naudsynte løyve frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, samt Klima og forureiningsdirektorat.

– Det har vore investert fleire hundre millionar i nytt brannsløkkingssystem så vi meiner vi har eitt av dei sikraste anlegga i landet. Vi har faktisk meir sløkkekapasitet enn pumpekapasitet, seier Narverud.