Hopp til innhold

Planlegg ny kjempeinvestering - kan doble talet tilsette

Etter Vest Tank-ulukka har Alexela Sløvåg brukt ein halv milliard på opprydding og oppgradering av anlegget i Gulen. No vil dei bruke same summen på å bygge ut meir.

Lars Narverud, dagleg leiar Alexela Sløvåg

VIL INVESTERE: Dagleg leiar i Alexela Sløvåg, Lars Narverud, vil bruke 500 millionar til nye tankar og for nye arbeidsplassar.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Vi søkjer om å få bygge opp til seks store tankar som skal kunne lagre 300.000 kubikk råolje. Bygginga vil skje på ei allereie planert tomt sør for dagens anlegg, seier dagleg leiar Lars Narverud ved Alexela Sløvåg.

Planane om utviding kjem etter sju tunge år for selskapet.

Det estiske selskapet Alexela Logistics kjøpte anlegget og skifta namnet til Alexela Sløvåg i 2007. Ei ei veke seinare eksploderte to tankar. Ti personar vart skadde og i eit stort område følte folk seg uvel. Dei siste seks åra har det vore tøffe økonomiske tider for selskapet, og arbeidsplassane til dei tilsette har vore usikre.

Ny aktivitet

Selskapet har brukt 500 millionar; 120 av dei på opprydding og resten til å oppgradere og å bygge nytt.

Nyleg la dei første tankarane lagt til kai att, og anlegget er i bruk.

– Vi har leigd ut heile kapasiteten på anlegget til eit stort internasjonalt oljeselskap til og med mai, med moglegheit for forlenging. Vi tener pengar no, seier Narverud

Det har sikra arbeidsplassane til dei tilsette i næraste framtid.

– Det er ei viss lette, for å sei det mildt. Vi har eigentleg jobba med dette heilt sidan 2007. Vi er veldig glade for at vi har fått denne avtalen no, seier Narverud.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det er sju år sidan Vest Tank-ulukka i Sløvåg la eit oljeanlegg i grus. Etter mange år med kamp for å redde verksemda, vender no oljetankarane tilbake.

NY AKTIVITET: Sjå reaksjonane til dagleg leiar i Alexela Sløvåg og ordføraren i Gulen. TV-sak frå Vestlandsrevyen måndag.

Nye investeringar

Og no vil dei altså investere 500 nye millionar. Skulle det verte seks nye tankar, vil dei kunne lagre 300.000 kubikk med råolje.

– Det vil verte eit stort anlegg. I all målestokk, seier Narverud.

Den daglege leiaren vedgår at kostnadsnivået er svært høgt, og at dei har vorte utkonkurrert av store lasteskip tidlegare. Selskapet har slite med å få aktivitet Likevel trur han på vekst.

– Vi meiner at vi har ei svært gunstig geografisk plassering. Både i forhold til felta rett her ute, som Johan Sverdrup-feltet, og felt som ligg lenger nord, opp mot Murmansk-området.

– Det vil vere naturleg å lagre olje frå dei felta på land her hos oss. Vi ser på det som både lukrativt og sikkert for dei som eig lasta. Men det er jo ikkje sikkert dei deler vår oppfatting, seier Narverud

– Kva tid vert det teke stilling til om det vert nye investeringar her?

– Når løyva kjem. No er vi i ein periode og ein fase der løyva er ute på høyring. Vi antek at dei kjem på plass i løpet av sumaren 2014, og då vil vi ta ei avgjerd.

– Kor mange tilsette kan det verte etter ei slik investering?

– Då vil vi antakeleg doble talet på tilsette. I dag er vi 18.

(Artikkelen held fram under biletet)

MT Frank

MEIR AKTIVITET: Blir det nye tankar, vert det meir aktivitet, og fleire tilsette rundt båtane, seier Narverud.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Er nøydde til å investere

Utbygginga og utvidinga med seks nye tankar kan ta to-tre år, seier Narverud. Avgjerda kjem til sumaren.

– Det er litt overraskande at de vil investere vidare når de har slite så mykje med det de allereie har per i dag?

– Det er enkelt å forklare. Dei 500 millionane vi har investert så langt vil vi ikkje kunne tene inn att med den kapasiteten vi har i dag. Difor er vi nøydde til å sjå etter ei utviding for å kunne komme i mål.

– Så de må utvide her, eller så går det ikkje rundt?

– Det går i alle fall for lang tid i forhold til kva som er bedriftsøkonomisk forsvarleg.

Nøgd ordførar

Hallvard Oppedal er ordførar i Gulen. Han er nøgd med utviklinga.

– Når du ser kor mykje dei har investert her, og korleis dei har rydda opp etter ulukka i 2007, så tykkjer eg det er veldig bra at aktiviteten er i gang att.

– No ser vi båten her borte. Det vert pumpa store mengder bensin på land. Du fryktar ikkje nye ulukker her?

– Det har vorte gjort så mykje godt arbeid, og dei har investert så mykje pengar og det er så mykje strengare kontrollar no. Det gjer at eg føler meg trygg på at dette vil gå godt.

Hallvard Oppedal

TRYGT: Ordførar Hallvard Oppedal er glad for ny aktivitet og trur det er trygt.

Foto: Gulen kommune