Hopp til innhold

Ny lakseparasitt trugar

- Situasjonen for lakseyngelen i Jølstra kan bli kritisk. Det seier leiar i Førde elveeigarlag, Arne Høisæther etter at lakseparasitten PKD truleg er påvist i elva.

Lakseyngel på Mo
Foto: Steinar Lote / NRK

Parasitten som forskarane veit lite om, tek livet av lakseyngel.

- Dramatiske fylgjer

Dersom det kjem eit utbrot vil det få dramatiske følgjer for yngelen i ei allereie utarma elv. For plutselege fall i vasstanden har påverka lakseyngelen der før, seier Høisæther.

- Jølstra toler svært lite

- Det er klart at når du har eit vassdrag som har vore gjennom så mykje sidan 1988-89, så er dette ein situasjon vi ikkje likar. Eg og resten av elveeeigarlaget har plukka daud yngel i Jølstra etter fleire kraftverksutfall. Situasjonen hadde vore litt kjekkare,om ein kan bruke eit slikt uttrykk, om vi i utgangspunktet hadde hatt ei frisk og levande elv som kunne tole ein belastning. Jølstra toler svært lite, dessverre.

Varm sommar har skulda

Parasitten er påvist i ei rekkje vassdrag. Men sist veke viste undersøkingar at fisk i elva Åbjøra i Nordland har dauda av PKD-parasitten. Den varme sommaren får skulda for utbrotet som drep lakseyngelen.

Gaula skal undersøkast

Difor skal Norsk institutt for naturforskning undersøke 20 elvar i heile Norge - på jakt etter PKD-parasitten. Blant anna skal  Gaula undersøkjast. Janne Sollie i Direktoratet for Naturforvaltning er svært uroa.

- Må få fakta på plass

- Vi veit at denne sjukdommen er svært aggressiv, og at den nesten utryddar ungfisken. Vi veit ikkje kor utbreidd parasitten er i Noreg i dag, og difor må vi få fakta på plass fortast råd.