Hopp til innhold

Framtida for Alexela Sløvåg usikker - underskota ballar på seg

Framtida for Alexela Sløvåg er usikker dersom ikkje bedrifta snart tenar pengar. Det vedgår daglegleiar, Lars Narverud etter at bedrifta igjen går med underskot.

Lars Narverud, dagleg leiar Alexela Sløvåg

OLJELAGRING: Dagleg leiar i Alexela Sløvåg, Lars Narverud, håper på full drift i åra som kjem.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Alexela Sløvåg tapte i fjor 50 millionar kroner på drifta av oljeterminalen i Sløvåg i Gulen. Dermed er det samla tapet sidan 2007 på 400 millionar kroner.

– Sjølv om eigaren vår har vore ekstremt tolmodig i forhold til å dekke opp underskot sidan 2007, kan vi ikkje fortsette slik. Det seier dagleg leiar, Lars Narverud, i Alexela Sløvåg.

Samtidig viser Narverud til at anlegget har vore i full drift sidan januar i år, og at årsresultatet for 2014 vil bli langt betre enn åra før. Underskotet var dobbelt så stort i 2012 samanlikna med i fjor.

– Det går rette vegen, seier han.

Estiske eigarar

Eit oljeselskap leiger no terminalen, men det er usikkert om leigeavtalen blir forlenga. Narverud vedgår at framtida er usikker og at selskapet snart må byrje å tene pengar.

– Vi kan ikkje fortsette med underskot.

Oljeterminalen Alexela Sløvåg er eigd av eit estisk selskap. Dagen etter at esterane kjøpte selskapet i mai 2007, gjekk to av oljetankane i løfta i ein veldig eksplosjon. Oppryddingsarbeidet har vore langvarig og svært kostbart.

Medrekna eit underskot på 50 millionar i fjor, er det samla tapet sidan 2007 på 400 millionar kroner.

– Det var vesentleg større problem her enn vi antok og det har vore ei rekkje rettsprosessar både, sivile og strafferettslege, som framleis ikkje er avslutta.

Uvisse rundt utviding

Først i 2012 fekk Alexela dei naudsynte løyva til vidare drift av selskapet, men då var marknadssituasjonen så vanskeleg at ingen ville nytte dei enorme oljetankane i Sløvåg.

Først i januar i år vart oljetankane tekne i bruk gjennom utleige til eit eksternt oljeselskap, men no er det igjen uvisse fordi det uklart om selskapet vil leige oljeterminalen vidare.

Alexela lanserte tidlegare i år planar om omfattande utviding av oljeterminalen, men om dette blir noko av er no usikkert, vedgår Narverud.

– Det er store svingingar i oljemarknaden og oljeprisen fell, så det er ikkje lett å få det på plass. Men vi har komme langt i arbeidet og har stor tru på at vi kan lukkast med det. I alle fall i løpet av 2015.

Alexela har fått på plass fleire nye tankar ved anlegget i Sløvåg, og alle investeringane er er tekne over drifta. Det betyr mellom anna at Alexela Sløvåg ikkje har gjeld til andre enn morselskapet.