Hopp til innhold

Rolf (79) jaga ranar på dør

79 år gamle Rolf Bjørnarheim skubba bort våpenet og jaga den maskerte ranaren på dør.

Rolf Bjørnarheim
Foto: NRK / NRK

Rolf Bjørnarheim bur i ei avsidesliggjande hytte på Byrkjelo. I halv ni-tida søndag kveld sat han i ein telefonsamtale, då han brått fekk uventa besøk.

- Då eg la på telefonen høyrde eg ein lyd, og i det eg snudde meg såg eg det stod ein mann i rommet. Han var ganske høg og hadde på seg ei finlandshette og millitærstøvlar. Eg såg berre kviten i augene, fortel Rolf Bjørnarheim.

- Skyt for faen

Den ubedne gjesten vifta med våpenet og ba Bjørnarheim løfte hendene og leggje seg på senga. Men den spreke 79-åringen nekta å gjere som mannen ba han om. Heller ikkje beskjeden om å opne safen ville Bjørnarheim høyre på. 

- Eg vart irritert og ba han slutte med tullet. Eg trudde det var ein nabo som heldt meg for narr. Då det ikkje hjalp vart eg endå sintare og skubba til våpent med handa. Då rygga han tilbake i døropninga.

- Men skyt då vel for faen, ropte eg til han. Eg hadde vel ei kjensle av at våpenet ikkje var ekte. Då hadde han vel alt brukt det, fortel 79-åringen med stor innleving.

Dermed fekk ranaren kalde føter og la på sprang så fort han kunne.

Hytta til Rolf Bjørnarheim.
Foto: Synnøve Aasland / NRK

- Var ute etter pengar

Bjørnarheim er sikker på at den maskerte mannen var ute etter pengar sidan han ville ha opna safen.

- Han trudde vel eg hadde pengar i safen, men der låg det berre nokre gamle papir.

79-åringen fortel at han vart meir sint enn redd, sidan han trudde einkvan tulla med han.

- Men den stakkars guten vart nok skikkeleg redd. Han hadde nok gått litt for tidleg frå læremeisteren, seier Bjørnarheim med eit glimt i auga.

- Leikevåpen

Den modige pensjonisten er våpenkyndig, og meiner det maskinpistolliknande våpenet ikkje kunne vore ekte. Bjørnarheim trur også at mannen må ha vore lokalkjend sidan han fram til hytta i stummande mørke.

Politiet står framleis utan spor i saka. Dei har gjennomført ei rundspørjing i nabolaget, men utan at det har gjeve resultat.

Ønskjer tips

Ransmannen hadde på seg finlandshette, svarte milltærstøvlar og mørk kjeledress. Han er høg og slank, har blå auge og snakkar gebrokkent norsk. Politiet ønskjer å kome i kontakt med folk som kan ha tips i saka. 

Avslutta dagen med raudvin

Etter det litt uventa besøket ringde han politiet. Kvelden vart avslutta med kyllingvinger og eit par glas raudvin. Bjørnarheim let seg nemleg ikkje skremme så lett, men ein ting er han i alle fall sikker på:

- Eg kjem til å låse døra tidlegare på kvelden etter dette.