21.11.2009

Lerum lagar julebrus likevel

Lerum julebrus (Foto:Lerum)

Lerum kjem likevel til å lage julebrus i år. Grunnen er protestaksjonane.

Lene  Fløysand starta måndag kveld ein internettaksjon for å få Lerum julebrus i butikkane. No har ho og over 2000 andre blitt bønnhøyrde.

Administrerande direktør Jan Petter Vadheim lovar no at julebrusen kjem i butikkane i byrjinga av desember.

Overraska direktør

Han er svært overraska over responsen.

- Det er gledeleg at folk synest om julebrusen vi har laga. Den står for tradisjon og julestemning og mange framhevar at den er like viktig som juleribba og pinnekjøtet til folk. Det hadde vi ikkje rekna med når vi valde å ikkje lage julebrus i år.

- Fantastisk

Fløysand er svært nøgd med at brusen likevel kjem i butikkane.

- Heilt fantastisk! No er jula redda for mange! 

Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK