Hopp til innhold

Helse Førde-namnet ein tabbe

Fylkeslege Petter Øgar meiner det var svært uklokt å kalle helseføretaket i Sogn og Fjordane for Helse Førde.

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

- I eit fylke som har så lang tradisjon med fogderistrid må det ha vore eit temmeleg sovande øyeblikk då dei fann på å bruke namnet Helse Førde. For meg framstår det som heilt uforståeleg at dei kunne velje så dumt, seier Øgar.

Ulempe for alle

Fylkeslege Petter Øgar tek i bruk uvanleg sterke ord når han skal vurdere valet av Helse Førde som namn på helseføretaket i Sogn og Fjordane. Øgar meiner namnet har vore ei ulempe for alle partar.

Symbol i kampen

- Sjølv Førde er ikkje glad for å bli kopla til dette namnet etter kvart som stridigheitene har nådd stadig nye høgder. Det har vore misvisande i sitt innhald, og det har hatt uheldige konsekvensar fordi det er blitt eit symbol for mange i kampen for å bevare lokalsjukehusa, at det det eigentleg handlar om, som dei seier, er å bevare sjukehuset i Førde. Så dette har vore svært uklokt.

- Raud klut

Helse Førde blei oppretta då staten tok over ansvaret for sjukehusa for fem år sidan. Det var styret i Helse Vest som bestemte namnet i 2002. Helse- og sosialsjef i Gloppen, Anny Felde, var styremedlem i Helse Vest den gongen. Gudmora vedgår langt på veg at namnevalet var eit feilgrep.

- Eg ser at det er ein raud klut, og eg kan nok gjere meg tankar om at vi kanskje kunne ha gjort eit klokare val. Men det som var meir uheldig og som vi kanskje skulle ha tenkt meir på, var at vi ikkje skulle ha plassert føretaksadministrasjonen på sentralsjukehuset. Vi skulle hatt det utanfor huset, fordi det blir ei samanblanding, og i folk si oppfatning så skil dei ikkje på det.

Høgre vil ha nytt namn

No tek Høgre i Sogn og Fjordane opp namnet i sitt partiprogram. Leiar i programnemnda, Noralv Distad, seier til Sogn Avis at dei vil skifte ut Helse Førde med helse Sogn og Fjordane.