Hopp til innhold

Nøgd med sjukehusrapport

Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre er svært nøgd med den statlege rapporten om lokalsjukehusa.

Gunvald Ludvigsen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Tysdag la lokalsjukehusgruppa fram sin førebelse konklusjon om kva akutt-funksjonar som skal vere ved lokalsjukehusa.

Ludvigsen går langt i sin positive omtale.

- Eg vel å tolke det som eit forsvar for lokalsjukehusa sin plass i helsetenesta.

- Mykje var tydeleg

Gruppa la tysdag fram sitt utkast til den endelege rapporten som kjem i mars. Noko komplett liste over kva funksjonar eit lokalsjukehus skal innehalde, var ikkje å finne på dei vel 80 sidene. Likevel meiner Ludvigsen at mykje var tydeleg nok.

-  Dei har mellom anna fokus på samhandling, felles akuttmottak, og dei snakkar om integrasjon av jordmortenesta mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Dei seier at det er ein god idé å ha gynekologisk spesialisthelseteneste ved lokalsjukehusa, så det inneber i realiteten at det må vere eit fødetilbod.

- Steg i rett retning

Men trass i gode skussmål, Ludvigsen ynskjer klarare presisjon av dei kirurgiske tenestene. Han trur ikkje rapporten vil føre til at debattane rundt lokalsjukehusa forsvinn. Men det er eit steg i rett retning.

- Det er statsråden og departementet som har sett ned gruppa, og då betyr det at her skal det vere sterke signal til dei styrande om korleis dei skal ordne lokalsjukehusfunksjonen.