Hege Holm er fødd i 1961 og har fram til 2006 budd forskjellige stader på Austlandet. Ho er frå Vikersund og har derfor ei tydeleg dialekt frå indre austland.
Hege kom frå nyheitsavdelinga i NRK i Oslo til Sogndal sommeren 2006, der ho no er ein av tre på lokalkontoret. Hege er cand.mag med statsvitskap, offentleg rett, sosiologi og engelsk i fagkrinsen.
Dei siste ti åra har Hege vore programleiar og vaktsjef i Dagsnytt radio. Ho har mellom anna vore å høyre i Ukeslutt, Søndagsavisa og som debattleiar i Dagsnytt 18.
Hege har for tida permisjon frå NRK Sogn og Fjordane.