Krev hybelhus for ungdom

- Vanskelegstilte ungdommar som flyttar på hybel slit med å hengje med i skulekvardagen. Det seier Clara Øberg som er tenesteleiar i Sogndal kommune.
Publisert 06.03.2007 10:27.
- Skriv ut
Medan elevane i heimkommunen får hjelp med skulegongen og kvardagen elles, dett dei ut av systemet når dei flyttar vekk frå heimkommunen.
Vil ha hybelhus med døgnbemanning
I skulebygda Sogndal merkar barnevernet problemet. Clara Øberg meiner løysinga er hybelhus med vaksen døgnbemanning.
På fylkesårsmøtet til Arbeiderpartiet kravde ho at regjeringa gjer det mogleg å byggje slike hus.
Øberg meinar at barnevernet har pengar nok til å bemanne hybelhus, men i dag manglar dei ordningar som gjer at slike hus kan finansierast. Ho ser føre seg at husbanken kan finansiere, og at kommunane der elevane kjem frå samarbeider om drifta.
Hill-Marta Solberg vil ikkje love noko
Øberg set sin lit til regjeringa, og ber om midlar slik at kommunane kan byggje slike hybelhus.
Arbeiderpartiet sitt slagord i årets kommuneval er - Alle skal med. Likevel vil ikkje nestleiaren i Arbeiderpartiet, Hill-Marta Solberg, love noko som helst.

















Brutalt rana heime i eige hus
Queen Mary 2 vitja Aurlandsfjorden