Hopp til innhold

Jostedalsrypa har ikkje levd

Segnet om Jostedalsrypa, den vesle jenta som var einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauen, blir no avkrefta av nye arkeologiske funn.

Utgravingar i Jostedalen.
Foto: NRK

Les meir i Fylkesleksikonet: Alt om Jostedalsrypa

Undersøkingar syner nemleg at det har vore drive jordbruk i Jostedalen, også i hundreåret etter Svartedauen.

- Dette er jo ein del av kulturen vår. Sidan vi var små har vi høyrt om Jostedalsrypa, seier Laila Gjerde. Ho driv Jostedal Hotell og er ein av dei som kjenner godt til segnet om den vesle jenta.

Historielaget: - Sensasjon

Nye arkeologiske undersøkingar viser at segnet ikkje stemmer med røyndommen. Til no har ein trudd at Jostedalen var avfolka frå midten av 1300-talet til midten av 1500-talet. 

- Det var vel ingen av oss som trudde at dette skulle verte resultatet. Til no har ingen tvila på at Jostedalen låg aude etter Svartedauen. Difor er dette ein sensasjon for oss, seier Oddmund Hoel i Jostedalen Historielag.

Nigardsbreen.
Foto: NRK

Fann kol

Hoel har vore prosjektleiar i samarbeidet med arkeologane Anne Mette Haugen og Ann Katrine Sivertsen. Sistnemnde fortel korleis dei fann fram til at det har vore folk på gardane, også i tida etter svartedauen.

- Vi fann dyrkingslag der det var kol som vi har undersøkt på laboratorium

Undersøkte to gardar

- Korleis kjennest det å gjere oppdagingar som gjer at historia må skrivast om?

- Det var jo ei mål å finne ut kva som har skjedd i Jostedalen i middelalderen - om det har vore stopp i gardsdrifta. Vi har samanlikna resultata frå to av gardane og kome fram til at det har vore drift her også i middelalderen. Funna her meiner vi utgjer eit representativt utval for resten av gardane og, seier Sivertsen.

- Historia må skrivast om

Jenta i segnet fekk namnet Jostedalsrypa fordi fjør skal ha byrja å vekse på henne. Segnet om den vesle jenta har vore ein viktig del av identiteten til folk i Jostedalen, meiner Hoel. Han trur funna vil få konsekvensar.

- No er vi jo brått vorte identitetslaues. Dette betyr jo at historia til Jostedalen må skrivast om.

Mange vart overraska

Hoel trur liknande segner og historier om andre bygder også kan sprekke dersom arkeologar byrjar å grave.

Sivertsen fortel at jostedølene har teke nyhendet med fatning:

- Mange vart overraska over at her ikkje har vore avfolka. Det jo allment kjent at her skal ha vore folketomt. Men folk har teke resultatet av undersøkingane på ein god måte, humrar Sivertsen.