Hopp til innhold

Vegvesenet vil ha bru

Statens vegvesen går inn for at det vert bygt bru over Dalsfjorden.

Dalsfjordbrua
Foto: Teikning: Statens vegvesen

Statens vegvesen presenterte i dag si tilråding til nytt vegsamband mellom Askvoll og Fjaler kommunar.

Og vegvesenet går inn for at det vert bygt bru frå Otterstein på nordsida av Dalsfjorden til Dale på sørsida. Prislappen på brua er 710 millionar kroner.

Kryss inne i tunnel

I tillegg meiner vegvesenet at ein samstundes må bruke 150 millionar kroner på å byggje ein to kilometer lang tunnel mellom Dale og Sætenes, gjennom den rasfarlege Nishammaren. Og midt inne i denne tunnelen vil vegvesenet byggje ei rundkøyring der vegen over brua skal møte riksveg 57 mellom Dale og Førde.

Sjølv om prosjektet manglar pengar, arbeider vegvesenet mot byggjestart på brua alt hausten 2009 slik dei opphavelege planane er.

Liten samfunnsnytte

Brua skal erstatte dagens ferjesamband mellom Dale og Eikenes.

Vegvesenet har også vurdert fleire andre - og billegare alternativ  -som blant anna kabelferje, men har konkludert med at brua har større nytteverdi. Ei bru er og gunstigare for utviklinga av regionen, meiner vegvesenet.

Likevel peikar vegvesenet på at sjølv brua har dårleg samfunnsnytte målt i kroner og øre. For kvar investerte krone får samfunnet berre igjen 13 øre.

  HØYR: Reportasje om Dalsfjordbrua